Leiarnettverkssamling og fagdag for helse- og omsorgstenestene i kommunane

Dato:
17. oktober - 18. oktober
Stad:
Sunnfjord Hotel & Spa
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane v/seniorrådgjevar Anne Eli Wangen
Målgruppe:
Tilsette i helse- og omsorgstenestene i kommunane
Påmeldingsfrist:
06.10.2017 23:59:00

Fylkesmannen inviterer til samling på Sunnfjord Hotel & Spa i Førde. På leiarnettverkssamlinga vil vi ta opp aktuelle tema for dei ulike tenesteområda. På fagdagen vert tema mellom anna BPA og pårørandestøtte.

Leiarnettverkssamling 

Tema vil mellom anna vere eldreomsorg, kompetanse og rekruttering, helse- og omsorg i plan, miljøarbeid, habilitering/rehabilitering, folkehelse, rus og psykisk helse. Det vert føredrag i plenum og i parallelle sesjonar.

Fagdag om BPA

I tilknyting til nettverkssamlinga planlegg vi 18.10.2017 fagdag om BPA. På fagdagen vert tema brukarstyrt personleg assistanse og andre aktuelle tema, mellom anna endringar i helse- og omsorgstenestelova om pårørandestøtte.

Program for leiarnettverkssamling finn du her og program for fagdagen finn du her. Sjå også lenker til høgre.

Påmelding

Fylkesmannen dekker utgifter til deltaking og lunsj for to personar frå kvar kommune. Vi vil også dekke utgifter til overnatting frå 17.-18. oktober for inntil to personar frå kvar kommune som har lang reiseveg og skal vere med begge dagane. Dersom det vert fleire enn to deltakarar må kvar kommune gjere opp direkte med hotellet.

Oppgi i påmeldingsskjema kva for parallellsesjon du ønskjer å delta på, og om Fylkesmannen eller kommunen skal betale. Dersom du skal delta på både nettverkssamlinga og fagdagen må du oppgi om du treng overnatting.