Sluttsamling - Kompetanse for mangfald

I barnehage- og skuleåret 2016/2017 har barnehage, grunnskule og vidaregåande skule i fire kommunar delteke i prosjektet «Kompetanse for mangfald». På sluttsamlinga har vi fått Julien S. Bourrelle til å seie noko om mangfald og kulturelle forskjellar, og det vil bli presentasjon av lokale utviklingsarbeid som einingane har arbeidd med.

Julien S. Bourrelle er utdanna rakettforskar, men mest kjent er han kanskje for sine foredrag om norsk kultur. I tillegg til å ha skrive bøkene «The Social Guidebook to Norway» og «Nordmenn», er han gründer av Mondå – eit prosjekt som hjelper norske organisasjonar i å tene betre på mangfald. Kjernen i Mondå er bruk av humor for å forstå våre kulturelle forskjellar betre, eit verkemiddel som også går igjen i foredrag og bøkene hans.


Julien har jobba med internasjonalisering i ti år og var det første internasjonale medlemmet av NTNU-styret. Han beherskar engelsk, norsk, spansk og fransk flytande, og blei i 2014 tildelt Top 10-prisen av Kronprins Haakon. Top 10 er ei årleg kåring av flinke internasjonale rollemodellar i norsk arbeids- og samfunnsliv.

Dato:
17. oktober 09:30 - 16:00
Stad:
Thon hotel Jølster
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Deltakarkommunane i prosjektet «Kompetanse for mangfald», tilsette i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule.
Påmeldingsfrist:
06.10.2017 19:00:00

Kontaktpersonar

Dokument