Fagdag om vurderingsarbeid i kroppsøvingsfaget

Dato:
12. desember
Stad:
Skei, Thon hotel Jølster
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Karstein Fardal
Målgruppe:
Kroppsøvingslærarar i ungdomsskule og vidaregåande skule
Påmeldingsfrist:
04.12.2017 23:55:00

Føremålet med dagen er å styrke læreplanforståinga og sjå nærare på korleis regelverket som gjeld standpunktvurdering kan omsetjast i prasis.

Bakgrunnen for å arrangere ein fagdag
Oppsummeringar frå Utdanningsdirektoratet syner at det, både i grunnskulen og vidaregåande skule i alle fylke, er eit stort behov kompetanseheving innanfor vurderingspraksis og fastsetjing av standpunktkarakterar. Statistikken til Fylkesmann syner at kroppsøvingsfaget er det faget der det over fleire år har vore flest klager, og i dei fleste sakene har eleven fått medhald i klagen. Tilbakemeldingar frå faglærarar syner også at det er utfordrande å ha eit godt vurderingsarbeid undervegs og knytt opp til kompetansemåla i faget.  

Mål for dagen

  • Styrke læreplanforståinga, m.a. forståinga av kompetanseomgrepet i kroppsøvingsfaget
  • Styrke forståinga av regelverket som gjeld for standpunktvurdering (Spesielt §§ 3-3, 3-16, 3-17 og 3-18), og sjå korleis dette kan omsetjast i praksis
  • Auka kvalitet på vurderingsarbeidet og standpunktvurderinga i kroppsøvingsfaget  

Program for dagen

  • «Vurderingsarbeid i kroppsøvingsfaget» v/Petter Erik Leirhaug, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet
  • Kort om regelverket rundt vurdering v/Fylkesmann
  • Klage på standpunktkarakter i kroppsøving – regelverk - døme frå praksisfeltet v/Fylkesmann

Petter Erik Leirhaug har bakgrunn som lærar i grunnskule og vidaregåande skule, og har også arbeidd med friluftsliv i folkehøgskule og for ulike kursaktørar. Han starta ved HiSF/HVL hausten 2008. Som stipendiat ved Norges idrettshøgskole, avla han ei doktorgradsavhandling om vurdering for læring i kroppsøving. Han har delteke i læreplanarbeid for kroppsøving i régi av Utdanningsdirektoratet (Udir) og er no med i gruppa til Udir som utviklar kjerneelement i kroppsøvingsfaget knytt til fornyinga av læreplanverket Det vert lagt opp til diskusjonar i grupper og deling av praksis mellom deltakarane. Det vert lagt inn lunchpause midt i programmet.

Fagdagen er gratis, men reise og eventuelle vikarutgifter vert ikkje dekka.

Dato:
12. desember
Stad:
Skei, Thon hotel Jølster
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Karstein Fardal
Målgruppe:
Kroppsøvingslærarar i ungdomsskule og vidaregåande skule
Påmeldingsfrist:
04.12.2017 23:55:00

Kontaktpersonar