Fagdag om barneperspektivet i Nav

Dato:
12. desember 10:00 - 15:30
Stad:
Førde, Scandic Sunfjord hotel og spa
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Nav Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Nav-leiarar og Nav-tilsette
Påmeldingsfrist:
29.11.2017 23:00:00

Nav har eit ansvar for barn og unge og på fagdagen set vi særleg fokus på dette knytt til sosialtenestelova og barnekonvensjonen.

Arbeids- og velferdsdirektoratet ved Stine Glosli og Fylkesmannen ved Bodhild Cirotzki deltar. Vi drøftar problemstillingar frå Nav-kontora som er meldt inn på førehand, og dette kan til dømes gjelde korleis vi skal forstå ulike reglar i sosialtenestelova knytt til barn og unge.

Tidleg innsats er vesentleg for å forebygge sosiale problem. Dette gjeld særleg ovanfor barn og unge som veks opp i vanskelegstilte familiar, og der det er viktig å hindre at oppvekstsituasjonen fører til ytterlegare og vedvarande stigmatisering. Når det gjeld å styrke barneperspektivet i Nav, meiner vi å undersøke kor gode vi er til å sjå brukars barn og korleis vi eventuelt kan betre praksis til beste for barna. Ved å bidra til å sikre at barnas situasjon er godt ivaretatt, gjer vi brukar betre i stand til å fokusere på eigen prosess.

Vi ber om at de sender oss problemstillingar knytt til tema innan 29.11.2017 til Fylkesmannen v/ Siren Rørgård Skjerven, Siren.Skjerven@fylkesmannen.no

Dato:
12. desember 10:00 - 15:30
Stad:
Førde, Scandic Sunfjord hotel og spa
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Nav Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Nav-leiarar og Nav-tilsette
Påmeldingsfrist:
29.11.2017 23:00:00

Kontaktpersonar