Barnevernsleiarsamling

Dato:
19. oktober 09:30 - 15:30
Stad:
Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Gunn Randi Bjørnevoll og KS Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Rådmenn, kommunalsjefar og barnevernsleiarar

Fylkesmannen inviterer til barnevernsleiarsamling torsdag 19.10.2017.

Tema for samlinga er akuttberedskap i barnevernet. Samlinga er ei oppfølging av barnevernsleiarsamlinga som var i april 2017, og vert arrangert i samarbeid med KS Sogn og Fjordane.

Fagleiaren for Barnevernvakta i Nord-Trøndelag kjem og informerer om deira arbeid med å få på plass felles barnevernsvakt. Det blir òg statusoppdatering frå kommunar og KS om kva som blir gjort her i fylket for å få på plass akuttberedskap i barnevernet i alle kommunane:

  • Eid, Gloppen og Stryn v/ Eid kommune
  • SIS-kommunane v/ Flora kommune
  • kommunane i Sogn v/ Sogndal kommune
  • KS Sogn og Fjordane

Påmelding via e-post til fmsfgrb@fylkesmannen.no innan 02.10.2017.

Les meir om samlinga i invitasjon og førebels program. Endeleg program kjem så snart dette er klart.

 

Dato:
19. oktober 09:30 - 15:30
Stad:
Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Gunn Randi Bjørnevoll og KS Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Rådmenn, kommunalsjefar og barnevernsleiarar

Kontaktpersonar