Verjegodtgjering på EHF-faktura

Med ønskje om å forenkla prosessane omkring verjegodtgjering, opnar Fylkesmannen i Rogaland for moglegheita til å senda inn krav på EHF-faktura.

Den nye løysinga gjeld for setjeverjer, samt for faste verjer i saker kor Fylkesmannen dekker godtgjeringa. Verjene som vil nytta seg av dette må vera næringsdrivande, og kunne senda faktura på EHF-format.

Setjeverjeoppdrag

Verjer som er med på avhøyr, samrådsmøter eller liknande vil sjå følgjande tekst i oppnemningsvedtaka:

"Dette vedtaket danner grunnlaget for ditt krav, og EHF-faktura sendes til Fylkesmannen i Rogaland etter utført oppdrag."

Det betyr at verjene ikkje lenger behøver å senda inn vanleg søknadsskjema, men kan senda inn kravet på EHF-faktura etter utført oppdrag, gitt at verje er næringsdrivande.

Faste verjer for løypande verjemål

Verjer som har ansvar for fleire verjemål, har fram til nå vert nøydt til å senda inn eit søknad om godtgjering for kvart enkelt verjemål. I tilfella kor verje er næringsdrivande, og Fylkesmannen dekker godtgjeringa, ønskjer vi å forenkla søknadsprosessen.

For å komma i gang må verje først senda inn vanleg søknad om godtgjering. Gitt at et sett kriteria er oppfylt (sjå vedlegg), vil verje få eit vedtak i retur som lar verje senda neste krav om godtgjering som EHF-faktura utan ny søknad.

Alle verjemål med vedtak om fakturering samlast på ein faktura og sendast til Fylkesmannen kvartalsvis, halvårleg, eller årleg.

PS: Fakturering av godtgjeringskrav krev at verje er registrert som næringsdrivande. For verjer som ikkje er næringsdrivande, men ønskjer å bli det, sjå skatteetatens nettsider for å lesa om dei ulike organisasjonsformene, og for registrering som næringsdrivande. For dei fleste vil enkeltpersonføretak vera mest aktuelt.