Informasjon om meldeplikt for kommunane i verjemålsaker - Særleg om verjemål ved bruk av tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kap. 9

Kommunane har meldeplikt ved behov for verjemål eller endring av verjemål.

Verjemålslova § 57 lyder slik:
«Må det antas at det er behov for vergemål for en person som er innlagt i institusjon, skal institusjonen melde fra til fylkesmannen. Meldeplikten gjelder også ansvarlig for kommunens sosialtjeneste og kommunens helse- og omsorgstjeneste utenfor institusjon. Meldingen skal begrunnes.»

I verjemålsforskrifta § 12 står det at:
«Melding om behov for vergemål etter vergemålsloven § 57 skal begrunnes. Begrunnelsen skal inneholde en beskrivelse av tilstanden til personen som det antas har behov for vergemål, samt en vurdering av på hvilke områder det antas at personen har behov for bistand fra verge. Meldingen skal også inneholde en vurdering av hvorvidt det er behov for fratakelse av rettslig handleevne, jf. vergemålsloven § 22.
Meldingen skal om mulig inneholde forslag til én eller flere personer som anses egnet til å være verge.
Meldeplikten gjelder tilsvarende ved behov for endring av eksisterende vergemål.»

Eit verjemål kan være avgrensa i sak og tid, jf. Verjemålslova § 21. I fall verjemålet er løpt ut, eller verjemandatet ikkje har naudsynt utforming, må kommunen melde frå til Fylkesmannen ved behov for endring av verjemålet. Ofte, særleg ved eldre verjefullmakter utforma av overformynderia, er verjemandatet utforma med følgjande ordlyd som «i sin alminnelighet», «i personlige forhold» eller «representasjon overfor offentlig myndighet». I desse høva har verja rett til å søkje og klage på helse- og omsorgstenestetilbod.

Kva som er verja sitt mandat vil gå fram av verjefullmakta. Kommunen kan be verja legge fram denne som legitimasjon. Kommunen kan òg kontakte Fylkesmannen for informasjon om mandatet.

Skjema for bruk ved meldeplikt og andre skjema finn du på www.vergemal.no.


Særleg om verjemål ved bruk av tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kap. 9

Der det er aktuelt å fatte tvangsvedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, skal det nemnast opp ei verje for tenestemottakaren med mindre vedkomande er mindreårig under 18 år og har foreldreverje, eller allereie har nemnt opp verje, jf. § 9-3 tredje ledd. Om naudsynt skal kommunen søkje om verje eller at verja sitt mandat blir endra. Generelle utformingar som nemnt ovanfor, «i sin alminnelighet» og liknande er ikkje tilstrekkeleg. Verja sitt mandat må her uttrykkeleg omfatte ivaretaking av personen sine interesser i saker etter kapittel 9.

Kravet om verje i saker etter kapittel 9 er ein særregel som går føre vilkåra for verjemål i   verjemålslova § 20. I motsetning til verjemål elles er det i disse sakene ikkje eit vilkår at personen samtykker til verjemålet, og det skal heller ikkje gjerast ei eiga vurdering av behovet i desse høva.

Ansvar og oppgåver tillagt verja ved utforming av vedtak om bruk av tvang og makt

Verja her rett til medverknad og skal høyrast før det vert fatta vedtak om bruk av tvang og makt. Verja skal informerast om høve til uttale i saker som skal overprøvast samt klagerett og høve til å bringe vedtaket inn for tilsynsmyndigheit og tingretten, jf. helse- og omsorgstenestelova § 9- 3 og klagerett, jf. § 9-11.