Det er trygt å ha verje

Mange har spørsmål om kva som skjer med eigedelar og formue når ein person får oppnemnt verje. Utgangspunktet er at sjølv om ein har verje, bestemmer ein over eigne eigedelar og formue. Det er viktig å understreke at omsynet til den enkelte sin sjølvråderett er eit av dei grunnleggjande omsyna verjemålslova er meint å vareta. I den grad verja utfører disposisjonar som gjeld formue og eigedom må han eller ho ha Fylkesmannen si godkjenning til dette.

Verja kan ikkje selje fast eigedom, eller rettar som ligg til fast eigedom (f. eks. ein vegrett), utan samtykke frå den som er under verjemål samt frå Fylkesmannen. Det avgjerande er om salet  er til det beste for den som har verje. Sentrale moment vil vere kva økonomiske konsekvensar eit sal vil få samanlikna med anna utnytting av eigedomen; om den som er under verjemål sjølv har eller vil få bruk for eigedomen, samt den kjenslemessige tilknytinga vedkomande sjølv eller familien hans eller hennar har til eigedomen. Fylkesmannen skal kontrollere at den verjetrengande ikkje lenger har bruk for bustaden, sjekke om det er disponert over bustaden i testament, ektepakt eller sameigeavtale, og innhente verdivurdering frå meklar for å kontrollere at bustaden ikkje blir selt under marknadspris. Utbytet av salet høyrer sjølvsagt til den verjetrengande og skal disponerast til hans eller hennar beste. Dersom person ikkje er samtykkekompetent, skal Fylkesmannen forvalte pengane. Dette er for å sikre at dei ikkje kjem på avvegar, men kjem personen sjølv til gode.

Verja skal sørgje for at eigedelar blir haldne i god stand, blir sikra, oppbevart og forsikra på ein forsvarleg måte. Dersom den verjetrengande har eigedom, har verja ansvaret for at eigedomen og eventuell lausøyre blir haldne i stand og forsikra ved forsikring av eigedomen og innbuforsikring. Dersom verja ønskjer å avhende lausøyre, må verja først ha innhenta Fylkesmannen sitt samtykke til avhendinga.

Om verja ønskjer å gjere større investeringar på vegner av den verjetrengande, skal ho søkje Fylkesmannen om dette dersom kostnaden overstig den månadlege inntekta. Dette for å sikre at verja ikkje gjennomfører urimelege disposisjonar. Verja har  rekneskapsplikt for midlar som høyrer til den han eller ho er verje for. Fylkesmannen kontrollerer og fører tilsyn med verjene.