Verjemål

Ei verje sikrar interessene til ein person som anten er mindreårig, eller som har fått oppnemnt verje. Ein person som treng hjelp til å sikre sine eigne interesser, kan få verje både på det økonomiske og det personlege området.

Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig. Vanleg verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. 

Fylkesmannen er førsteinstans på verjemålsområdet. Det vil seie at det er Fylkesmannen du skal kontakte om du, eller nokon som står deg nær, treng verje. På landsbasis forvaltar vi rundt 72 000 verjemål og finansielle midlar til ein verdi av over 19 milliardar kroner. 

Klagerett

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dei som har rett til å klage er vedkommande som er sett under verjemål, verja, den som har sett fram kravet om verjemål eller personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken. For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du skal sende klagen til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan omgjere vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning, som er tilsynsmynde og klageinstans for vedtak gjort av Fylkesmannen.

Vil du bli verje?

Det er ulike typar verjer:

  • Du kan bli oppnemnt som verje til barn utan foreldre, eller dersom foreldra av ulike grunnar ikkje kan ha heile eller delar av verjeansvaret
  • Du kan bli oppnemnt som verje for vaksne
    • viss du er forelder til vaksne barn
    • viss du er søsken, besteforelder, onkel, tante eller ein annan person i storfamilien eller i omgangskrinsen. I tillegg kan du også vere verje som nabo, ven eller viss du berre har eit ønske om å bidra ved å stille opp frivillig
    • viss du vel å stille opp som verje som ein del av arbeidet ditt, eller berre fordi du har eit ønske om å vere til nytte (fast verje/profesjonell)
  • Du er verje som forelder til egne barn under 18 år. Verje er den eller dei som har foreldreansvaret.

Kva som må til av kvalifikasjonar og eigenskapar for at du skal kunne bli verje, er avhengig av oppdraget. Fylkesmannen avgjer kven som skal vere verje, og hovudregelen er at valet vert teke i samråd med personen som skal ha verje. Som regel legg vi vekt på at du handterer utfordringar, har kjennskap til regelverket og offentlege instansar, at du er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og likar å gjere noko for andre. Du må også ha god vandel, og verjer må leggje fram politiattest. Fylkesmannen tilbyr nødvendig opplæring og ser til at du utfører vervet på forsvarleg vis.

 

Vis meir


16.02.2017

Korleis går fullmektig fram for at Fylkesmannen skal stadfeste framtidsfullmakta si ikrafttredelse?

For at Fylkesmannen skal kunne ta stilling til om framtidsfullmakta kan stadfestast, må følgjande sendast inn:

02.02.2017

Informasjon om meldeplikt for kommunane i verjemålsaker - Særleg om verjemål ved bruk av tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kap. 9

Kommunane har meldeplikt ved behov for verjemål eller endring av verjemål.

30.01.2017

Presentasjon om sjølvråderett for personar med verje og presentasjon om barnekonvensjonen

Sjå: presentasjon om sjølvråderett for personar med verje, samt presentasjon om barnekonvensjonen 

11.11.2016

Det er trygt å ha verje

Mange har spørsmål om kva som skjer med eigedelar og formue når ein person får oppnemnt verje. Utgangspunktet er at sjølv om ein har verje, bestemmer ein over eigne eigedelar og formue. Det er viktig å understreke at omsynet til den enkelte sin sjølvråderett er eit av dei grunnleggjande omsyna verjemålslova er meint å vareta. I den grad verja utfører disposisjonar som gjeld formue og eigedom må han eller ho ha Fylkesmannen si godkjenning til dette.

19.10.2016

Undervisningsfilm om verjemål

Under finn du lenke til undervisningsfilm om vilkår for verjemål, kva Fylkesmannen treng for å behandle ein søknad for å få verje og kva det blir forventa at ei verje skal kunne gjere. Filmen omhandlar også framtidsfullmakt og legalfullmakt, som er alternativ til verje.  

23.06.2016

Tvangsvedtak etter helse- og omsorgslovgivinga

Vedlagt følgjer presentasjon frå verjesamling av 22.06.16 om tvangsvedtak etter helse- og omsorgslovgivinga.

16.06.2016

For barn og ungdom

Er du barn eller ungdom under 18 år? Lurer du på om foreldra dine eller andre vaksne kan bestemme over deg når det gjeld økonomi/rettslege handlingar utan å først høyre kva du meiner?

26.05.2016

Vil du bli verje eller representant?

Vaksne som ikkje er i stand til å ta vare på eigne interesser skal ha verje. Grunnen kan vera psykisk utviklingshemming, rusmiddelmisbruk, dårleg helse eller psykiske lidingar. Unge, einslege asylsøkjarar har rett på ein representant. Er dette noko du for deg?

12.05.2016

Presentasjon: søknad om Fylkesmannens samtykke til sal av eigedom

Sjå lenkje til presentasjonen i høgremargen (Prezi):

01.12.2015

Kva informasjon treng Fylkesmannen ved søknader om sal/kjøp av bustad?

Her finn du ein presentasjon av kva moment Fylkesmannen legg til grunn ved vurderinga om når det kan samtykkjast til sal/kjøp av bustad tilhøyrande person under verjemål.



Kontakt

Verjemålslaget har telefontid frå kl. 12.00 til 14.00 måndag til fredag.

Tlf: 51 56 87 00

Melding til fylkesmannen - verjemål (blir opna i nytt vindu)