Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig. Verja skal ta omsyn til kva du ønskjer.
Fylkesmannen vart lokal verjemålsmynde frå 1. juli 2013, og er førsteinstans på verjemålsområdet. På landsbasis forvaltar fylkesmannen no rundt 72 000 verjemål og finansielle midlar til ein verdi av over 19 milliardar kroner.
Klagerett
Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dei som har rett til å klage er vedkommande som er sett under verjemål, verja, den som har sett fram kravet om verjemål eller personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken. For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du skal sende klagen til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan omgjere vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning, som er tilsynsmynde og klageinstans for vedtak gjort av Fylkesmannen.