Landbruksforvaltning

Fylkesmannen skal medverke til at kommunane forvaltar dei økonomiske og juridiske verkemidla i samsvar med overordna føresetnader og i tråd med gjeldande lovar og reglar. Dette blir gjort gjennom rettleiing, dialog og kontroll.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.03.2013

På område der kommunane ved lov er pålagt å utføre oppgåver, har dei normalt sjølvstendig mynde og sjølvstendig ansvar for forvaltingsutøving, og kan utøve lokalpolitisk skjønn. Men når kommunane forvaltar statlege tilskotsordningar på vegne av staten, har dei ikkje same sjølvstendige mynde. Forvalting av slike midlar er underlagt statleg styringsrett, og kommunane kan ikkje utøve lokalpolitisk skjønn. Statens midlar skal forvaltast i tråd med «Reglement for økonomistyring i staten», og overordna statlege organ har plikt til å føre kontroll med at kommunane har system og rutinar som sikrar forsvarleg forvaltning.

Kontroll med dei økonomiske verkemidla

Tilskot og erstatningar på landbruksområdet er økonomiske verkemiddel som Landbruksdirektoratet, fylkesmannen og kommunane forvaltar på vegne av Landbruks- og matdepartementet. Kommunane er her underordna LMD, som har full styringsrett over korleis desse midla skal forvaltast.

Forvaltningskontrollar

Det følgjer vidare av Økonomireglementet at overordna mynde har rett og plikt til å kontrollere korleis kommunen forvaltar tilskot og erstatningar. Slike kontrollar blir gjennomført som forvaltningskontrollar. Heimel for kontroll følgjer av Økonomireglementet § 15. Etter denne er Fylkesmannen pålagd å kontrollere at kommunane utfører sine oppgåver på ein forsvarleg måte og i tråd med § 14.

Fylkesmannen skal kvart år gjennomføre risikobasert forvaltningskontroll i 20 % av kommunane. For Rogaland betyr det at Fylkemannen gjennomfører kontroll i minst 5 kommunar kvart år.

Samordningsbestemmelsen gjeld ikkje for forvaltningskontrollane, men for å ha oversikt over dei ulike tilsyna og kontrollane har Fylkesmannen valt å samordne desse kontrollane så lang det er føremålstenleg.

Kontroll med dei juridiske verkemidla

Fylkesmannen kan kontrollere kommunane si forvaltning gjennom kommunelova § 59, forvaltningslova § 35 og jordlova § 3. Jordlova gir mellom anna heimel for å pålegge kommunen å gje opplysningar i alle saker etter jordlova og konsesjonslova.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.