Tilskot til leirskoleopplæring

Elevar på leirskole studerer livet i bekken.
Elevar på leirskole studerer livet i bekken.

Kommunar som har hatt elevar på leirskole kan søke Fylkesmannen om tilskot etter at leirskolen er gjennomført. Frist for å søke tilskot er 15. november for hausten og 15. juni for våren. For seint innsendt søknad kan bli avslått.

Leirskoleopplæring

Etter opplæringslova § 2-3, første ledd, kan ein del av undervisningstida i grunnskolen nyttast til leirskoleopplæring. Opplæring skal skje ved bemanna leirskole eller ekskursjonar/turar som er ein del av grunnopplæringa. Opphaldet skal ha minst tre samanhengande overnattingar. Kommunar kan søke Fylkesmannen om tilskot etter at leirskolen er gjennomført. Tilskotet skal bidra til å finansiere utgiftene ved opplæringa. Utgifter til opphald, reise m.m. må kommunen dekkje sjølve.

Slik blir tilskotet berekna

Tilskotet blir berekna etter ein sats per time (60 min.) per gruppe. Satsen for hausten 2017 er kr 585 per time. Det blir gitt tilskot for 5,5 timar pr. dag per gruppe i maks 5 dagar i samanheng, maksimalt 27,5 timar. I tilskotssamanheng omfattar ei gruppe inntil 22 elevar. Ut over 22 elevar kan dei delast i to grupper. Kommunen kan berre søke om tilskot for eitt leirskoleopphald per elev i løpet av grunnskolen.

Kunnskapsdepartementet har fastsett retningslinjer for tildeling. Ansvaret for forvaltninga av tilskotsordninga er delt mellom Utdanningsdirektoratet og Fylkesmennene.

Elektronisk søknad

Fylkesmannen anbefaler kommunane å sende søknad om tilskot og prognose på elektronisk skjema, sjå lenke.

Søknadsfrist:
15.11.2017 00:00:00
Målgruppe:
Tilskotet skal komme elevar i kommunale grunnskolar og elevar i institusjonar der fylkeskommunen har ansvar for grunnopplæringa, til gode
Ansvarleg:
Utdanningsavdelinga
Kven kan søkje:
Kommunane og fylkeskommunen som har ansvar for grunnopplæringa ved institusjonar

Kontaktpersonar