Opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg

Søk middel til opplæring for barn og unge som søkjer opphald i Noreg
Søk middel til opplæring for barn og unge som søkjer opphald i Noreg

Kommunar/fylkeskommunen kan nå sende søknad om tilskott for våren 2018. Frist for å søkje tilskot er 1. juli 2018. Tilskottet skal bidra med finansiering og stimulere kommunane til å gi grunnskoleopplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg.

Grunnskoleopplæring

Barn og unge asylsøkarar og barn og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt grunnskoleopplæring. Elevar i alderen 6-18 år utløyser statstilskott. Fyller eleven 18 år i løpet av skoletida blir det gitt tilskott ut dette skoleåret. Kommunane søker Fylkesmannen om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkeren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort.

Omlegging tilskott grunnskoleopplæring frå hausten 2018 (skoleåret 18/19)

Utdanningsdirektoratet overtar forvaltninga av tilskottet for aldersgruppa 6-15 år frå hausten 2018 (skoleåret 18/19). Kommunane skal då ikkje lenger sende søknad om tilskott for denne aldersgruppa. Utdanningsdirektoratet vil utbetale tilskott til kommunane basert på faktisk innrapportert belegg frå Utlendingsdirektoratet for aldersgruppa 6-15 år. For aldersgruppa 16-18 år skal kommunane søke Fylkesmannen om tilskott som før.

Vidaregåande opplæring

Unge asylsøkarar og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det er eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt vidaregåande opplæring. Fyller eleven 18 år i løpet av skoleåret blir det gitt tilskott ut dette skoleåret. Fylkeskommunen søker Fylkesmannen om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkeren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort. Opplæring etter opplæringslova § 4a-1 andre ledd ("meir grunnskole") utløyser ikkje tilskott over denne tilskottsordninga.

Du finn lenke til meir informasjon og søknadsskjema  i høgremenyen.

 

Søknadsfrist:
01.07.2018 23:00:00
Målgruppe:
Barn og unge som søkjer opphald i Noreg
Ansvarleg:
Utdanningsavdelinga
Kven kan søkje:
Kommunar og fylkeskommunen

Kontaktpersonar