Utlysing av restmidlar til symjeopplæring for barn i barnehagar 2018

Lær dei minste barna å symje!
Lær dei minste barna å symje!

Fylkesmannen i Rogaland lyser med dette ut rest-tilskotsmidlar for symjeopplæring i barnehagar på kroner 1 647 000. Kommunar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring av barn i barnehage, kan søkje Fylkesmannen om tilskot. Søknadsfrist er 25. mai 2018.

Målet med tilskotet

Målet med tilskotet er at barn skal bli betre til å symje. Tilskotet skal bidra til at kommunar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn.

Målgruppe

Barn i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar i alderen 4-6 år busette i Rogaland.

Tilskot

Tilskotet er i 2018 sett til kroner 1 800,- per barn. 

Vilkår for tilskot

Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og i basseng. Tilskotet skal i sin heilheit nyttast til aktivitetar relatert til symjeopplæring av barna. Det er viktig at gutar og jenter får eit likeverdig tilbod. Ein kan søkje om tilskot for eit kalenderår om gongen.

Søkjarar som ikkje tidlegare har fått tildelt midlar vil bli prioriterte.

Søknad

Søknadsfristen er fredag 25. mai 2018.

Send søknaden til: fmropost@fylkesmannen.no

Søknadskjema. (Excel)

 

Søknadsfrist:
25.05.2018 23:59:00
Målgruppe:
Barn i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar i alderen 4-6 år busette i Rogaland.
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søkje:
Kommunale - og ikkje kommunale barnehagar, kommunar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring av barn i barnehage
Rapporteringsfrist:
01.12.2018 23:00:00

Kontaktpersonar