Støtte til klimatiltak

Kommunar og fylkeskommunar over heile landet kan søke om Klimasats-støtte. Midlane skal gå til tiltak som reduserer utslepp av klimagassar eller bidreg til overgangen til lågutsleppssamfunnet.

Klimasatsmidla skal gå til tiltak som reduserer utslepp av klimagassar eller bidreg til overgangen til lågutsleppssamfunnet.

Pengane vil gå til tiltak som reduserer klimagassutslepp på kort eller lang sikt. Det vert og gitt tilskot til planlegging og utgreiing av klimatiltak og til kompetanseheving i nettverk. Søknaden må vere politisk forankra i kommunen.

Opptil 100 millioner kroner skal delast ut i 2018 og søknadsfristen er 15. februar. Miljødirektoratet forvaltar ordninga.

Sidan 2016 har rundt 300 prosjekt over heile landet fått støtte. Klimasats omfattar ikkje klimatilpassing – det finst det ei eiga støtteordning for. Kommunar og fylkeskommunar kan søke, anten saman eller kvar for seg. Tilskotet skal vere eit bidrag og kommunane sjølve må bidra med eigeninnsats.

Tilskottsordninga gjeld fem ulike område:

  1. Klimavennleg areal- og transportplanlegging
  2. Investering i klimavennlege transporttiltak
  3. Klimagassreduserande tiltak i andre sektorar
  4. Forprosjektering av tiltak som reduserer klimagassutslepp – hjelp til frå-ord-til-handling
  5. Nettverk for kompetanseheving og erfaringsdeling

Energieffektivisering, karbonfangst, klimatilpassing, forskingsprosjekt og teknologiutvikling er ikkje mål for denne tilskotsordninga. Det vert ikkje gjeve tilskot til støtteordningar i regi av kommune eller fylkeskommune.

Søknadsfrist:
15.02.2018 00:00:00
Målgruppe:
Kommunane og fylkeskommunen
Ansvarleg:
Marit Sundsvik Bendixen
Kven kan søkje:
Kommunane og fylkeskommunen

Kontaktpersonar