Tilskot til kommunesamarbeid kring barnevernreforma

Søknadsfrist:
10. november 2020 23:59
Målgruppe:
Kommunar i Rogaland
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland
Rapporteringsfrist:
1. april 2021 23:59

Fylkesmannen lyser ut 200 000 kroner til kommunar i Rogaland til kommunesamarbeid om barnevernreforma. 

Barnevernreforma trer i kraft i 2022. Målet med reforma er mellom anna å styrke arbeidet med tidleg innsats og førebygging, tilpasse hjelpen betre til barn og familiar sine behov, ivareta rettstryggleiken til barn og familiar og nytte ressursane annleis.

Reforma vil difor få følgjer for alle tenestene i kommunen som er retta mot barn og unge og ikkje berre for barnevernet.

Publisert 13.10.2020

Reforma gir kommunane eit større ansvar for barnevernet, både økonomisk og fagleg. Det set krav til leiing og kommunane si styring av barnevernet, i tillegg krev det eit større fokus på det tverrsektorielle, førebyggjande og familiestøttande arbeidet i kommunen.

Kommunane vil få fullt økonomisk ansvar for ordinære fosterheimar og oppfølging og rettleiing av desse. Det vil bli auka eigenandelar for bruk av spesialiserte hjelpetiltak, spesialiserte fosterheimar og bruk av institusjon. Det er difor naudsynt at kommunane utviklar «ei vifte» av eigne hjelpetiltak og samarbeider med andre kommunar om oppgåvene i reforma.

Fylkesmannen lyser ut kroner 200 000 til kommunar i Rogaland som har behov for å utvikle nye måtar å samarbeide på, på tvers av kommunar, for å løyse oppgåvene i reforma. Det er ein føresetnad for å søkje at minst to kommunar deltek og at ein i prosessen innleier eit samarbeid med aktuelt kompetansemiljø.

Vi vil prioritere støtte til 1-2 samarbeidsprosjekt. 

Send søknadene på e-post innan 10. november 2020 til: fmropost@fylkesmannen.no 

Søknadsfrist:
10. november 2020 23:59
Målgruppe:
Kommunar i Rogaland
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland
Rapporteringsfrist:
1. april 2021 23:59