Tilskot til aktivitetstilbod og besøksvert

Fylkesmannen i Rogaland har fått kr 12.560.486 til fordeling. Søknadsfristen er sett til 1. september 2020.

Målgruppa er eldre som har langtidsopphald i sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgns bemanning

Målet med tilskot til aktivitetstilbod er å stimulere til innovative tiltak for å oppretthalde aktivitet og sosial kontakt slik at personar i målgruppa får aktive og meiningsfulle kvardagar, gode opplevingar og sosial kontakt med sine næraste.

Målet med tilskot til besøksvert i sjukeheim og omsorgsbustader er at kommunen, eventuelt i lag med frivillige, legg til rette for at besøk blir gjennomført på ein triveleg, god og smittevernsikker måte.

Kven kan få tilskot?

  • kommunar
  • fylkeskommunen

Kommunar kan søkje midlar aleine eller i samarbeid med privat, ideell og frivillig sektor.

Søknaden

Søknaden skal vere poengtert og kortfatta. Følgjande opplysningar skal gå fram:

  • Mål med tilskotet
  • Skildring av tiltak som det blir søkt om tilskot til
  • Budsjett

I tillegg til skildring av mål, tiltak, framdriftsplan og eventuelle samarbeidspartnarar, skal søkjar opplyse om talet på brukarar tiltaket er meint for.

Opplysningar om tilskotsmottakar, kontaktperson, adresse, organisasjonsnummer, ev ressursnummer og bankkontonummer skal gå fram av søknaden. Det er ikkje utarbeida søknadsskjema.

Les regelverket nøye før de skriv søknaden

Informasjon om tildelingskriterium, krav til rapportering og rapporteringsfristar, om måloppnåing, budsjett og rekneskap er gjort greie for i regelverket.

Tilskotsordninga er ein del av tiltakspakken sårbare eldre, jf. revidert nasjonalbudsjett 2020 og er ei eingongsløyving.

Søknad skal sendast til: fmropost@fylkesmannen.no 

Fristen er utsatt til 15. september.

Søknadsfrist:
15.09.2020 23:00:00
Målgruppe:
Eldre som har langtidsopphald i sjukeheim eller omsorgsbustad med heildøgns bemanning
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søkje:
kommunar og fylkeskommunen
Rapporteringsfrist:
01.03.2022 23:00:00

Kontaktpersonar