Risiko og sårbarheit (ROS)

Risiko er ein kombinasjon av sannsynlegheit og konsekvens for at ei helding skal inntreffe. Sårbarheit kan sjåast som evna ein har til å tåle ei hending/påkjenning.

Risiko- og sårbarheitsanalyser skal utarbeidast på regionalt og kommunalt nivå. Fylkesmannen skal utarbeide fylkesROS kvart 4. år. Kommunane skal ha ei overordna heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse, og alle arealplaner for utbygging skal også ha ros-analyse, frå kommuneplan til detaljregulering. Viktige funn frå risiko-og sårbarheitsanalysene skal følgast opp i vidare planarbeid med førebyggjande og risikoreduserande tiltak. ROS-analyser skal ligge til grunn for arealplanlegging, kriseberedskap, tilsyn og øvingar.