Regional beredskap

Samfunnstryggleik er sektorovergripande, og kan ikkje handterast i ein sektor eller på eitt forvaltningsnivå. Arbeidet må koordinerast og samordnast mellom sektorar og mellom styresmakter på lokalt, regionalt og sentralt nivå.

Fylkesmannen er bindeledd mellom staten og kommunane, og har eit særskilt ansvar for å samordne og føre tilsyn med arbeidet med samfunsstyggleik i fylket. Fylkesmannen skal vere pådrivar og rettleia kommunane i det førebyggande arbeidet, og har også ei koordinerande rolle under kriser.