Arealplanlegging

Arealplanlegging skal fremme samfunnstryggleik, etter mellom anna plan og bygningslova. Risiko og sårbarheit må vere tema i alle planar for utbygging, slik at ikkje liv, helse, miljø, viktig infrastruktur og materielle verdier blir sett i fare.

Som lokal planstyresmakt har kommunen ansvar for å hindre arealbruk som kan innebere uakseptable konsekvenser for liv, helse, miljø og materielle verdier. Her finn de informasjon om førebyggjande samfunnstryggleik og arealplanlegging på kommunalt nivå.


19.03.2019

Ta omsyn til risiko for storulykker i arealplanar

Kommunane har ansvar for at samfunnstryggleik blir tilgodesett i planlegginga, etter plan og bygningslova. Eit av dei viktigaste er omsynet til verksemder som ved ulykker kan sleppe ut mengder av farlege stoff/gass, eller utløyse ein stor eksplosjon. Dette er såkalla storulykkeverksemder. Korleis kan kommunane ta i vare denne risikoen?