Ny risiko- og sårbarheitsanalyse for Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland har no utarbeidd ein ny FylkesROS. FylkesROS blei laga første gong i 2008. Denne skal gi oversikt over aktuelle risikoar og sårbarheiter i fylket. Fylkesmannen trekker spesielt fram ekstremt vêr og klimaendringar, radioaktiv stråling, smittsam dyresjukdom, stor ulykke med mange skadde og tilsikta/hybrid hending.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.03.2018

FylkesROS 2018 er blitt eit omfattande dokument, som vurderer fjorten samfunnskritiske funksjonar og tretten risikoområde. Samfunnskritiske funksjonar er det me er avhengige av for å dekke dei grunnleggande behova og verdiane våre.

Konkrete scenario

Dette er til dømes vatn, mat, kraftforsyning og helsehjelp/redningsteneste. Risikoområde me vurderer i denne fylkesROS er til dømes naturhendingar som skred og flaum, smittsame sjukdommar, ulike ulykker og tilsikta hendingar. Fire av desse har me eksemplifisert i form av tenkte scenario:

  • ekstremvêret Børre
  • svinepest på Jæren
  • ulykke i Rennfast-tunnelen
  • hybrid hending knytt til samfunnskritiske funksjonar.

Målet er at me skal bli flinkare

Målet med FylkesROS er å auka kunnskapen om risikofaktorar i fylket, slik at me betre kan førebygga og handtera kriser. Uønskte hendingar som blir vurderte i analysen, er i stor grad kommuneovergripande, og/eller krevande for ein kommune å handtera åleine. ROS-arbeidet er gjort i samarbeid med medlemmer av fylkesberedskapsrådet og andre etatar.

FylkesROS bygger på arbeid med risiko og sårbarheit gjort på nasjonalt nivå, hos andre etatar og hos kommunane. Den skal vera eit grunnlag for arbeid med risiko og sårbarheit i fylket, både i kommunane og hjå regionale etatar. Analysen er basert på rettleiaren frå Direktorat for samfunnstryggleik og beredskap frå 2016, og følger metodikken brukt i mellom anna Nasjonalt risikobilete (2014).

Oppfølgingsplan med tiltak

Me har i kvart risikoområde trekt fram utfordringar og tiltak som me meiner det er viktig å ta tak i. Tiltaka er i første rekke retta mot kommunar og regionale fagetatar i Rogaland, men me har også bede sentrale statsetatar følga opp der det er nødvendig. Me har også laga ein oppfølgingsplan, som skal legga fram konkrete tiltak basert på risikobiletet. Denne skal reviderast årleg, saman med fylkesberedskapsrådet i fylket. Scenarioet for hybrid hending har me valt å halda utanfor offentlegheita, då me ikkje vil servera idear om evt. slik sårbarheit. Ei robust grunnberedskap kan langt på veg handtera også slike hendingar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.