Risiko og sårbarheit (ROS)

Risiko er ein kombinasjon av sannsynlegheit og konsekvens for at ei helding skal inntreffe. Sårbarheit kan sjåast som evna ein har til å tåle ei hending/påkjenning.

Risiko- og sårbarheitsanalyser skal utarbeidast på regionalt og kommunalt nivå. Fylkesmannen skal utarbeide fylkesROS kvart 4. år. Kommunane skal ha ei overordna heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse, og alle arealplaner for utbygging skal også ha ros-analyse, frå kommuneplan til detaljregulering. Viktige funn frå risiko-og sårbarheitsanalysene skal følgast opp i vidare planarbeid med førebyggjande og risikoreduserande tiltak. ROS-analyser skal ligge til grunn for arealplanlegging, kriseberedskap, tilsyn og øvingar.


20.04.2018

Ny rettleiar til forskrift om kommunal beredskapsplikt

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har kome med ein ny rettleiar til forskrift om kommunal beredskapsplikt.

23.03.2018

Ny risiko- og sårbarheitsanalyse for Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland har no utarbeidd ein ny FylkesROS. FylkesROS blei laga første gong i 2008. Denne skal gi oversikt over aktuelle risikoar og sårbarheiter i fylket. Fylkesmannen trekker spesielt fram ekstremt vêr og klimaendringar, radioaktiv stråling, smittsam dyresjukdom, stor ulykke med mange skadde og tilsikta/hybrid hending.

14.03.2013

Farar ved farekartlegging

For ein månad sidan (nettartikkel 12. februar 2013) kåra Stavanger Aftenblad Utsira til "Rogalands farligste sted". Denne påstanden er basert på kart over sårbarheit som forskarar ved NTNU har laga. I same artikkel får Stavanger status som den tryggaste kommunen i Rogaland. Fylkesmannen meiner at Utsira ikkje er spesielt farleg, og at kunnskapsgrunnlaget desse påstandane er baserte på er mangelfulle.