Samfunnssikkerhetskonferansen 2019

Den årlege samfunnssikkerhetskonferansen finn stad på UIS 3. januar 2019. Hovudtema denne gong er Lokalt ansvar for nasjonal tryggleik. Det er framleis mogleg å melde seg på!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.12.2018

Det lokale ansvaret for nasjonal tryggleik skal sjås på frå tre vinklar;

  1. førebygging av valdeleg ekstremisme og sikring av det offentlege rom: Har aktørane den kunnskapen dei treng?
  2. Sivilt-militært samarbeid: Lokalt samfunnsansvar for nasjonal tryggleik
  3. Digitalisering og fake news -utfordringar for nasjonalt arbeid med samfunnstryggleik

Denne konferansen kan vere spanande for alle som er interesserte i forsking, politikk og praksis innan samfunnssikkerheit.

Samfunnssikkerhetskonferansen 2019 er eit samarbeid mellom Sør-vest politidistrikt, NATO JWC, Stavanger universitetssjukehus -Helse Stavanger, Universitetet i Stavanger og Fylkesmannen i Rogaland. Konferansen har vore arrangert årleg sidan 2004. Meir info på arrangementssida i lenkja til høgre.

 

Påmeldingsfrist er sett til lillejulaften

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar