Fylkesberedskapsrådet: Redningsaksjonen av cruiseskipet Viking Sky og skogbrannen i Sokndal

Nils-Erik Haagenrud er brannsjef i Rogaland brann og redning
Nils-Erik Haagenrud er brannsjef i Rogaland brann og redning (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

Redningsaksjonen av Viking Sky og skogbrannen i Sokndal var blant dei temaa som var oppe på møtet i Fylkesberedskapsrådet 29. mai 2019.

23. mars 2019: Cruiseskipet Viking Sky er i dårleg vêr og mistar motorkrafta. Det er akutt fare for å gå på grunn, med 1 373 passasjerarar om bord. Det blei sett i gang ein omfattande redningsaksjon.

479 passasjerar blei evakuerte med helikopter før situasjonen var under kontroll. Hendinga fann stad ved vêrharde Hustadvika i Møre og Romsdal. Båten var på veg frå Tromsø til Stavanger. Hendinga kunne like gjerne funne stad utanfor kysten av Rogaland, og sidan Fylkesberedskapsrådet denne gongen hadde møtet på Hovudredningssentralen, var det naturleg å få ei orientering frå fungerande avdelingsdirektør under hendinga, Ståle Jamtli.

Han informerte om redningsaksjonen, både kva som gjekk bra og kva dei vil følga opp i ettertid for å vera endå betre budd på framtidige hendingar.

FylkesROS – oppfølgingsplan

Fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen gjekk gjennom oppfølgingsplanen etter FylkesROS 2018. Fylkesmannen er pålagd å revidera oppfølgingsplanen kvart år. Derfor ønsker me, i samband med oppdateringa i 2019, ei tilbakemelding frå relevante aktørar i rådet om kva som er gjort sidan i fjor og om det er noko som står i planen som er feil eller ikkje lenger er relevant.

Me tar kontakt med dei det gjeld for å få ei skriftleg tilbakemelding. Me ønsker også å laga eit nytt scenario i FylkesROS-en i 2019 og brukte høvet til å få innspel om kva scenario me bør velja. Me tar innspela som kom med oss vidare.

Tilfluktsrom, varsling og evakuering

Den opphavelege oppgåva til Sivilforsvaret var å trygga befolkninga mot krigshandlingar. Dette var prioritert heilt fram til midten av 90-talet. Då blei det bestemt at Sivilforsvaret skulle «ut av fjellet» og vera ein statleg forsterkningsressurs for nødetatane og kommunane. Gjennom dei siste 25 åra har dei utvikla seg til ein meir og meir tilpassa etat som kan hjelpa til ved store ulykker og brannar med stort ressursbehov.

Kompetansen til Sivilforsvaret på dei tradisjonelle oppgåvene i samband med tilfluktsrom, varsling og krigsutflytting har både forvitra og er gløymde. Nå har dei fått i oppdrag av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) å sjå på dette på ny. Dei har hatt eit prosjekt for å finna nærmare ut korleis dei tradisjonelle tryggingstiltaka kan ha nytte slik trusselbiletet er i dag. Leiar for Rogaland sivilforsvarsdistrikt, Mariann Svanes, orienterte om prosjektet.

Totalforsvaret etter Nato-øvinga Trident Juncture i 2018

Den store NATO-øvinga Trident Junture i 2018 var ein del av eit totalforsvarsprogram som DSB har laga på oppdrag frå Justisdepartementet. Assisterande fylkesberedskapssjef, Gry Evensen, orientere om evalueringa etter øvinga, både nasjonalt og den regionale delen som fylkesberedskapsrådet deltok i. Hun orienterte også om korleis vegen ser ut vidare med totalforsvarsprogrammet, sett med regionale auge.

Skogbrannane i Sokndal

Skogbrannane i Sokndal var dei mest alvorlege i Rogaland på fleire år. Ikkje på grunn av storleiken på arealet som brann, eller tida brannen varte, men fordi den trua heile sentrum av Hauge i Dalane og mange måtte evakuerast.

Brannsjef i Rogaland brann og redning, Nils-Erik Haagenrud, blei involvert i brannen fordi han er peika ut av DSB som leiarstøtte til det lokale brannvesenet når dei ber å om få hjelp frå den nasjonale støtteordninga for skogbrannhelikopter. Han orienterte om leiarstøtteordninga generelt – og om korleis sløkkinga og samordninga av arbeidet i Sokndal gjekk føre seg.

Fylkesmannen har i etterkant av dette laga ein evalueringsrapport for denne hendinga

Avslutting og neste møte

Dette var det siste møtet i fylkesberedskapsrådet som Magnhild Meltveit Kleppa leia før ho slutta som fylkesmann. Neste gong er det Lone Solheim som har overtatt som fylkesmann.

Det neste møte er i november/desember 2019. Meir informasjon kjem.