Fylkesberedskapsrådet: Dramatisk redningsaksjon på jærkysten

Skipet Tide Carrier var veldig nær eit havari i nærleiken av Feistein fyr 22. februar 2017. Under møtet i Fylkesberedskapsrådet 6. juni orienterte leiar for Kvitsøy trafikksentral, Tormod Våga, om den dramatiske situasjonen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.06.2017

Hadde skipet gått på grunn var potensialet for ei omfattande oljeforureining stor. Han fortalte korleis dei følgde skipet frå det kom inn i deira farvatn og til det blei berga og taua til Gismervik i Tysvær.

Rådet fekk også høyra noko av kommunikasjonen som var mellom skipet og Kystverket. Kystverket fortalte også om deira vurderingar på ulike tidspunkt - og korleis dei samarbeidde med andre redningsaktørar.

Statnett har overtatt sentralnettet for straumforsyninga i Rogaland

NVE har peika ut ein ny distriktssjef for kraftforsyninga (KDS) i Rogaland. Han heiter Haavard Tamburstuen og er leiar av Lyse Elnett. Tamburstuen orienterte om endringane i eigarskapet til distribusjonsnettet for straum frå 1. januar 2017. No er det Statnett som har ansvaret for nybygging og vedlikehald av sentralnettet (300 og 420 KVA) og dei trafoane som høyrer til.

For fylkesberedskapsrådet skal ikkje denne endringa føra til noko nytt. Me skal framleis halda oss til KDS og driftssentralen til Lyse. KDS vil ha nødvendig kontakt med driftssentralen til Statnett.
Tamburstuen nytta høvet til å orientera om kva Lyse planlegg av investeringar i regional og lokalnettet for å skifta ut gamle komponentar og for å auka redundansen.

Ekstremvêra Urd og Vidar

Fylkesmannen trudde lenge at det ikkje ville koma noko ekstremvêr i Rogaland i 2016, men under julehøgtida i 2016 kom Urd og berre tre veker etter var det Vidar sin tur.

Fylkesmannen har laga eigne evalueringsrapportar for begge hendingane. Desse er sende medlemmene i fylkesberedskapsrådet tidlegare. Seniorrådgivar Gry Evensen hos Fylkesmannen orienterte kort om dei viktigaste læringspunkta etter hendingane og korleis dei har blitt følgde opp.

FylkesROS Rogaland 2017

Prosjektleiar for arbeidet, fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen, orienterte om status for arbeidet. Deretter blei rådet delt inn i grupper for å jobba med to gruppeoppgåver. Det var viktig for Fylkesmannen at rådet sluttar seg til korleis FylkesROS skal sjå ut og samstundes legga til rette for innspel og merknaden.

Me fekk mange innspel som vi vere med oss vidare i prosessen.

Neste møte

Neste møte i Fylkesberedskapsrådet er 7. desember 2017.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.