Eit politi i endring

Han har møtt politisk og administrativ leiing i 29 av dei 32 kommunane i politidistriktet så langt. Tysdag 6. desember orienterte politimeister Hans Vik fylkesberedskapsrådet om kor langt Sør-Vest politidistrikt har kome i organiseringa av det nye distriktet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.12.2016

Hovudbodskapen hans er at politiet må arbeida på ein annan måte enn før. Spisskompetansen kan ikkje vera i alle fjordar og på alle nes. Slagkraftige einingar på færre stader kjem heile samfunnet til gode. Meir og meir kriminalitet finn stad digitalt, men kan like godt ha forgreiningar til små lokalsamfunn som til ein større tettstad, sa Vik.

FylkesROS

Fylkesmannen skal i gang med å revidera FylkesROS (risiko- og sårbarheitsanalyse) Rogaland i 2017. Fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen presenterte eit utkast til prosjektplan for arbeidet. Prosjektplanen involverer medlemmene i fylkesberedskapsrådet. Det blir derfor opna for diskusjon og tilbakemelding frå rådet. Konklusjonen var at medlemmene forpliktar seg til å delta i arbeidet.

Kvikkleire- og rasfare i Rogaland

Etter kvikkleireraset i Sørum kommune i haust ønskte me å retta søkelyset mot kvikkleire og rasfare generelt i Rogaland. Rådgivar hos Fylkesmannen i Rogaland, Tonje Aase, innleia med kva me veit om kvikkleire - og viste kor i fylket ho kan finnast, basert på kart frå NVE. Kvikkleire er ikkje kartlagt i Rogaland, og det er derfor uvisse rundt dette. Me trur likevel at det det ikkje er mykje her samanlikna med andre delar av landet.

Agnes Haker og Øystein Holstad frå Statens vegvesen orienterte vidare om kva dei veit om kvikkleire og rasfare langs vegane våre. Når det gjeld kvikkleire er det få stader med spesielle utfordringar, men dei gjorde merksam på område langs Suldalslågen i Suldal.

Les meir om kvikkleire

860 skred langs vegane i Rogaland dei siste 10 åra

Rasfare generelt var det på fleire stader. Frå 2006 til i dag er det registrert 860 skredhendingar på riks- og fylkesvegar i Rogaland. Av dei førte 118 til stengde vegar, 18 til skadar på bilar, tre til skadar på personar og to dødsulukker.

På nokre stader, som langs Tysdalsvatnet og Gyadalen, er det gjort tiltak, men andre rasfarlege stader som riksveg 13 ved Lovraeidet, fylkesveg 17 Berithola og europaveg 39 Tronvik framleis fortsatt står att.

Beredskap ved Preikestolen og Kjerag

Dette var tema på møte i fylkesberedskapsrådet i september 2016. Sidan har det vore eit eige beredskapsmøte i regi av Stiftelsen Preikestolen som Fylkesmannen deltok på i oktober der det ble gitt lovnadar om midlar frå offentlege etatar og Sparebankstiftinga.

Siste nytt er at regjeringa gir midlar til desse turistmåla over statsbudsjettet for 2017. Avdelingsdirektør Lone Solheim orienterte om kva som har skjedd sidan sist slik at rådet var orientert.

Neste møte

Neste møte i Fylkesberedskapsrådet blir 6. juni 2017.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.