Persontryggleik og klarering

 

Ny organisering av persontryggleik og klarering

Stortinget har bestemt at et det berre skal vere ein klareringsmyndigheit for sivil sektor. Den nye sivile klareringsmyndigheita (SKM) blei oppretta 01.01.2018 og starta opp si verksemd frå 01.04.18.

Dette betyr endringar i samband med innsending av personopplysnings­blankettane, og det blir ein annan verksemd å forhalda seg til.

Ny Adresse

Postmottaket til SKM er flytta til Moss. Det betyr at brev i samband med tryggleiksklarering skal sendast til:

Sivil klareringsmyndighet

Postboks 100

1501 Moss.

For rådmenn skal tryggleikklareringa gå gjennom dei respektive Fylkesmenn. Fylkesmannen skal fylle ut side 1 i personopplysningsblanketten og sende søknaden vidare til SKM.

Viktig å hugse på

Alle kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap og fylkesmenn om søkjer om tryggleiksklarering for tilsette i eigen verksemd  er «oppmodande myndigheit»

Det er viktig at peronopplysningsblankettar blir send i dobbel konvolutt. Sjølve blanketten skal ligge i den indre konvolutten som skal vere merka: «SKM – PERSONKONTROLL» eller «Fylkesmannen – PERSONKONTROLL» for rådmennene som skal gå via Fylkesmannen. Det er viktig at personopplysningsblanketten er korrekt utfylt. Personopplysningsblanketten og rettleiinga finn de her. I tillegg er det lagt ut generell informasjon om tryggleiksklarering her.

Alle oppmodande myndigheiter må kontrollere at blanketten er korrekt utfylt. 

Klaringsmyndigheita vil avvise blankettar der klareringsbehovet ikkje er tilstrekkeleg grunngjeve eller godt nok dokumentert. De finn eit e-læringskurs frå NSM her.

Fylkesmannen vil framleis vere oppmodande myndigheit for eigne tilsette, øvste leiar for kommunane (rådmann), øvste leiar for relevante interkommunale selskap og medlemmar i fylkesberedskapsrådet som ikkje har ein oppmodande myndigheit i eigen fagkanal.

Kommunar og andre etatar som treng rettleiing om tryggleiksklarering og utfylling av blanketten kan ta kontakt med sin Fylkesmann.

Kven som bør vere tryggleiksklarert i kommunane

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) rår alle kommunane til å ha minimum tre tryggleiksklarerte tilsette. Brevet frå DSB ligg ved til informasjon.