Tørke skaper trøbbel

Det uvanleg langvarige finvêret er i ferd med å lede til ei uvant situasjon her på vestlandet; tørke. Grunnvassnivået i Rogaland og i store deler av landet er svært lågt og synkande. Det kan resultere i tørre brønnar, aukande utfordringar for landbruket og endå større skog- og grasbrannfare. Dersom vêret held fram utan regn kan det bli nødvendig å innføre tiltak, som å rasjonere vatn.  

Lågt grunnvassnivå

Fleire grunnvasstasjonar i Sør-Norge har målt dei lågaste observasjonene nokonsinne på denne tida av året. Det låge grunnvassnivået leder også til lite tilsig til vassdraga, og dermed til låg vasstand i elver og bekker.  Sist gang me opplevde slik tørke i Rogaland var i 2010.

Kommunar og vassverk må følgje med på vassnivåa utover sommaren, og innføre tiltak som t.d.  restriksjonar på bruk av vatn dersom situasjonen krev det.

NVE oppmodar eigarar av vassverk til å følge godt med på utviklinga av vasstanden i brønnar og drikkevassmagasin, med tanke på forsyningsberedskapen utover i sommar. Storforbrukarar av vatn med eigen vassforsyning bør vurdere å bu seg dersom den tørre situasjonen held fram. Det er særleg grunne brønnar som forsyner hytter, enkelthus og gardsbruk som er i fare for å tørke inn, i område vekke ifrå store grunnvassmagasin eller vassdrag. I Rogaland får dei aller fleste (97%) vatnet sitt frå innsjøar. Det er i hovudsak Sauda, delar av Suldal og Hjelmeland, samt Oltedal og Dirdal som brukar grunnvatn som drikkevatn i vårt fylke.

Problem for landbruket

Det er allereie meldt om tørkeskadar og reduserte avlingar i landbruket, både i Rogaland og i andre deler av landet. Dette i kontrast til problem med store nedbørsmengder i 2017. Nedslakting av buskap blir allereie vurdert av fleire, pga. mangel på fôr. Det skaper ekstra utfordringar at reservelager av fôr er tomme grunna det våte fjoråret, og at det no også er tørke i andre deler av Europa, som me tidlegare har importert ifrå. Tørka vil innebere store tap både for den enkelte bonde og for næringa.

Skogbrannfare

Skogbrannfaren er framleis svært høg. Skogbrannindeksen på yr.no kan vere misvisande no, då den ikkje legg til grunn at vegetasjon og grunnvatn er tørka inn. DSB og Metrologisk institutt er klare over dette. Denne situasjonen med høg brannfare vurderast å gjelde ut juli. Det er absolutt forbod mot eld i skog og utmark, og aktsemdsplikta gjeld utover dette. Trass i låg grunnvasstand meiner DSB at det pr. i dag ikkje er problem med å få tak i slukkevatn. Det er ei større utfordring med ferieavviklinga, også innan brannvesenet. DSB prøver å kompensere dette med å sette fleire helikopter i beredskap. Per 4. juli var det 7 helikopter i beredskap i landet, og disse rykker ut til skogbrann kvar dag.

Vedlagt kart viser prognose for grunnvasstanden ei veke fram, til 13. juli. Samanlikningsgrunnlaget er gjennomsnittleg vasstand for same dato i perioden 1981-2010. På www.senorge.no kan de følgje med på grunnvasstanden (velg arealdata: Vann, grunnvanntilstand, observasjoner). Velg Punkt/linjedata «grunnvann siste obs»).

Vedlagt kart viser prognose for grunnvasstanden ei veke fram, til 13. juli. Samanlikningsgrunnlaget er gjennomsnittleg vasstand for same dato i perioden 1981-2010. På www.senorge.no kan de følgje med på grunnvasstanden (velg arealdata: Vann, grunnvanntilstand, observasjoner). Velg Punkt/linjedata «grunnvann siste obs»).

Vedlagt kart viser prognose for grunnvasstanden ei veke fram, til 13. juli. Samanlikningsgrunnlaget er gjennomsnittleg vasstand for same dato i perioden 1981-2010. På www.senorge.no kan de følgje med på grunnvasstanden (vel arealdata: Vann, grunnvanntilstand, observasjoner). Velg Punkt/linjedata «grunnvann siste obs»).

Minner om å halde ekstra merksemd på aktivitetar som kan føre til brann, og på branntilløp. Sjå også til at dyr på beite har tilgang til drikkevatn.