NVE-tilskot til flaum- og skredsikring i Rogaland

NVE gir 78 millionar kroner til flaum- og skredsikring, og miljøtiltak langs vassdrag i 2018. Av 14 innvilga søknadar i landet, er heile fire ifrå Rogaland. Eigersund, Sokndal og Hå får tilskot til flaumsikring, og Suldal får til skredsikring i Suldalslågen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.07.2018

NVE gir årleg tilskot til flaum- og skredsikring. Årets tilskot blei søkt om i 2017. Alle søknadane ifrå Rogaland vart innvilga, totalt 28 390 000 kr. Hå får heile 20 millionar til flaumsikring, mens 26 søknadar frå 21 kommunar fekk avslag. NVE kan dekke 80% av kostnadane til eit tiltak, kommunen er ansvarleg for å dekke 20%.

Flaum i Sokndal 2017. Foto: Eivind E. Tønnesen

Tilskota skal gå til fysiske sikringstiltak, som enten skal verne busetnad mot skred og flaum, hindre erosjon eller redusere sannsynlegheita for at skred kan løysast ut. I særlege tilfelle kan tilskotet gå til riving og flytting av utsette bustader. Stønaden kan enten givast som økonomisk tilskot der kommunen sjølv gjer jobben med utgreiing, planlegging og gjennomfløring, eller som bistand der NVE tar på seg arbeidet på vegne av kommunen.

NVE prioriterer kven som skal få tilskot basert på risko, det vil seie faregrad og konsekvens. Bistanden skal få mest mogleg samfunnsøkonomisk nytte. Det gjeld særleg konsekvens for skader på eksisterande busetnad, og for liv og helse. Bistand til utgreiing eller tiltak for ny utbygging eller terrenginngrep blir ikkje gitt. Tryggleiken i nye utbyggingsområde er kommunen og utbyggar sitt ansvar.

Søknadsfristen er 1. juli kvart år.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.