Det blir svært fuktig i Ryfylke natt til onsdag

Mellom 40 og 60 millimeter nedbør på seks timar i Ryfylke natt til onsdag, melder Meteorologisk institutt i dag. Lokalt kan det komma opp mot 100 millimeter i døgnet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.09.2018

Det meste av nedbøren kjem mellom Boknafjorden og Sognefjorden. Så langt ser det ut som den kraftigaste og mest intense nedbøren rammar Sauda og Suldal.

Det er først og fremst intensiteten i nedbøren som er bakgrunn for oransje farevarsel. Resten av fylket, med unnatak av dei sørlegaste delane, får også mykje nedbør, men det er ikkje grunnlag for eit farevarsel på same nivået.

Gult nivå for flaum og jordskred

NVE har også lagt ut farevarsel. Dette er på gult nivå for både flaum og jordskred. Dei opplyser at grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er svært høg. Bratte skråningar, og bekkar og elveløp med stor vassføring, er spesielt utsette. Faren er venta å minke i løpet av onsdagen. Varselet ligg i den øvre delen av gult nivå.

NVE har også fokus på vassdraga i Dalane. Så langt ser det ut som nedbørsfelta knytt til desse vassdraga ikkje blir "ramma" av mykje nedbør. Men det er store mengder vatn i vassdraga, og dersom nedbøren treffer lenger sør, blir varselet ev. bli oppdatert rundt lunsjtider i morgon.

Fylkesmannen oppdaterer viss situasjonen blir verre

Dersom prognosane viser at situasjonen blir meir alvorleg enn det ser ut til akkurat nå, kjem me tilbake med ei ny oppdatering.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.