Stor brannfare i Rogaland

Det er no meget stor fare for skogbrann i Rogaland, basert på Meteorologisk institutt sin skogbrannindeks. Brannfaren er høg i heile Sør-Norge, og vil sannsynlegvis auke mot helga. Fleire brannvesen viser nå til forbodet mot å gjera opp eld i brannfarlege område. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2018

Meteorologisk institutt sendte ut OBS-varsel for skog- ,gras- , og lyngbrannfare søndag 27. mai, for heile Vestlandet og Trøndelag. Dei siste dagane har brannvesenet rykka ut til fleire gras og lyngbrannar i Rogaland. Det har brunne på Ombo i Finnøy sidan søndag, og sløkkeforholda er krevjande, grunna vind, terreng og avgrensa tilgang på vatn.Foto frå Finnøy Kommune (facebook 28.mai 2018)

Stor skogbrannfare er definert som stader der skogbrannindeksen er større enn 40. Denne indeksen er basert på nedbør, lufttemperatur og luftfuktighet. I Sauda er indeksen 30. mai på 132, på Sola flyplass skal den bli 240.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har auka beredskap med ekstra helikopter i Rogaland. Det er viktig å sjekke bålpanner og asketømming ifrå hytter. Skognæringa må vise ansvar ved å tilpasse drifta, etter råd i denne artikkelen.

Rogaland brann og redning har fått melding om at folk ikkje respekterer oppmodniga. Dei oppsøker grillstader dei neste dagane for å sjå til at dette blir fulgt.

Fylkesmannen oppmodar folk til å vise aktsemd med aktivitetar som kan leia til gneister/brann, trass i det fine grillvêret.

Ved brann, ring brannvesenet på nødnummer 110.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.