Sjekk kummar, rister og avløp!

OPPDATERT 22.11.2017 kl. 13.30: Det er meldt mykje nedbør i Rogaland frå onsdag kveld til torsdag ettermiddag i midre og indre stroka av fylket. Meteorologisk institutt har sendt ut eit varsel om auka overvaking av situasjonen, eit såkalla Fase A-varsel.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.11.2017

Frå onsdag kveld til torsdag ettermiddag er det estimert mellom 100 og 120 millimeter nedbør. Den kraftigaste nedbøren kjem dei første 12 timane av torsdagen.

Lågtrykk i Nordsjøen

Årsaka er lågtrykksaktivitet i Nordsjøen som set opp eit sør til sørvestleg vindfelt som fører med seg varm og fuktig luft over Sør-Norge. Seint torsdag blir dei varme og fuktige luftmassane erstatta av ei kaldare luft - og nedbøren er venta å avta.

Mest regn i midtre og indre strok av Rogaland

Meteorologisk institutt har onsdag føremiddag ikkje funne grunn til å oppgradera til ekstremvarsel, men det er heilt i grenseland. Uansett kjem det altså mykje nedbør. Det blir mest i det som blir definert som midtre og indre strok i fylket. Varselet i Agder er nå nedgradert til eit OBS-varsel, noko som kan tyda på at dei sørlegaste kommunane i Rogaland ikkje får så mykje nedbør som det kunne tyda på i går.

Fare for flaum, jord- og snøskred

Me minner også om at NVE i går sende ut flaum- og jordskredvarsel på gult nivå og snøskredvarsel, faregrad 4, for Rogaland. Begge delar er under grensa for myndigheitsvarsling frå Fylkesmannen, men det er klokt å vera merksam på dette.

Gode råd frå Fylkesmannen

Fylkesmannen kjem med ny informasjon om eventuelt ekstremvær så snart det er avklart. Me tilrår kommunane å sjekka kummar, rister og avløp, som erfaringsmessig kan by på problem ved store nedbørsmengder.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.