Kraftig nedbør i vente

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Rogaland fordi dei ventar svært mykje nedbør i fylket frå måndag morgon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.01.2018

Det er venta mellom 50 og 70 millimeter, lokalt opptil 100 millimeter nedbør på 24 timar.

Normalt varslar ikkje Fylkesmannen om OBS-varsel som er nivået under ekstremvær. Meteorologisk institutt har denne gongen tatt kontakt med oss likevel. Dei er uroa for at kombinasjonen kjølegare vêr og mykje nedbør kan føra til at store delar av nedbøren kjem som snø.

Mest nedbør sør for Boknafjorden

Snøgrensa i OBS-varselet er stipulert til mellom 100 og 300 meter over havet. Men snøen kan komma endå lenger nede.

Vakthavande meteorolog opplyser til oss at det er områda sør for Boknafjorden som får mest nedbør, gjerne ikkje heilt ute langs kysten, men litt inn i landet.

Mykje snø på Jæren i 2012

Fylkesmannen minner om dei store snømengdene som fall på Jæren i 2012. Dette vêret var også meldt berre som OBS-varsel. Det oppfylte ikkje kriteria for ekstremvêr fordi det var for lokalt. Det førte likevel til store problem, spesielt med tanke på framkomelegheit.

Det kjem i tillegg til å blåsa ganske kraftig. Det ligg ute eit OBS-varsel med vind også. Frå i ettermiddag kjem det vindkast estimert til 25-30 meter per sekund frå sør/søraust.

Fylkesmannen ber aktuelle kommunar førebu seg på at det kan komma mykje snø frå i morgon tidleg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.