Jord- og flaumskredfare i Rogaland

Mildvêr og regn. Mykje regn. Derfor har NVE i dag sendt ut varsel og jord- og flaumskredfare i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.12.2015

Fredag 4. desember

Jordskredvarsel i Rogaland nord for Bokafjorden - inludert Sauda og Suldal. Det er venta mykje regn. Grunnvasstanden og vassmetningsgraden i bakken er høg. Det er venta relativt høge temperaturar og mykje vind, noko som fører til stor snøsmelting. Bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette. Reinsing av dreneringsvegar og stikkrenner er tilrådd.

Laurdag 5. desember

Gjeld heile Rogaland. Laurdag er det venta mildt vêr og mykje regn. Det blir truleg mest nedbør i midtre delar av fylket, og det vil saman med snøsmelting føra til aukande vassføring og fare for flaum.

Meir informasjon her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.