Ei ulukke ved Sellafield kan få konsekvensar for Rogaland

Ei ulukke ved det britiske atomanlegget Sellafield kan få alvorlege konsekvensar også for Rogaland. Dette viser ein rapport Strålevernet har utabeidd i oppdrag frå Miljøverndepartementet. Rapporten har fokus på transport og nedfall frå eit "verst tenkeleg" utslepp ved eit av lageranlegga for flytande høgaktivt avfall.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.03.2009

Rapporten viser at ei eventuell ulukke med utslepp til luft kan føre til høg radioaktivitet i Noreg. Resultata viser at det er særleg Vestlandet som kan bli hardast ramma.

Kan bli verre enn Tsjernobyl

Dersom ei ulukke skulle skje der ein prosent av innhaldet i tankane med flytande høgaktivt avfall blir sleppt ut, vil det kunne gje eit høgt radioaktivitetsnivå i Rogaland. Berekningar viser at måletala vil kunne vere fem gonger høgare enn det som blei målt i dei mest utsette områda i Noreg etter Tsjernobyl-ulukka. Dette er sjølvsagt avhengig av klimatiske forhold som vind og regn.Dersom ti prosent blir sleppt ut vil det berekna nedfallet bli omtrent 50 gonger så høgt. Strålevernet har berekna at det vil ta omtrent ni timer frå ulukka har skjedd til utsleppet når kysten av Noreg.

Fokus på konsekvens

Rapporten fokuserar på korleis atmosfæriske utslepp frå Sellafield vil ramme Noreg, og går ikkje inn på kor sannsynleg det er. Det er knyta uvisse om sannsynlegheiten for at noko skal skje med dette anlegget, men sidan konsekvensane kan bli så store for Noreg er det viktig å ha ein god beredskap for slike hendingar.

Rapporten viser og kor viktig det er å fortsette arbeidet med å redusere risikoen ved lagring av flytande høgaktivt avfall ved Sellafield. Britiske styresmakter har i lengre tid gitt uttrykk for at dei ser alvorleg på denne lagringa, og at situasjonen blir vurdert fortløpande med tanke på å redusere risikoen for ulukker.

Del av ei større kartlegging

Rapporten er ein del av ei kartlegging av moglege konsekvensar av uhell ved kjernefysiske anlegg i våre nærområde. Kartlegginga blir utført av Statens Strålevern. Rapporten finn du her.

Atomulukker og Rogaland

Fylkesmannen har sett nærare på atomulukker og radioaktiv stråling i risiko- og sårbaranalysen for Rogaland. Det er ikkje berre ulukker ved gjenvinningsanlegget i Sellafield som kan få konsekvensar for fylket. Fordi den dominerande vindretninga er mot Noreg er det sannsynleg at Rogaland blir ramma dersom det også skjer ei ulukke ved ein av atomreaktorane i Storbritannia. Nokre av desse er bygd etter same teknologi som kjernekraftverket i Tsjernobyl, men er truleg betre haldne vedlike.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument