Auka trusselnivå for fugleinfluensa

Det er påvist fugleinfluensa i Finland, Russland, Danmark og Sverige. Risikoen for smitte til Norge er rekna som låg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.11.2016

Veterinærinstituttet (VI) vurderer risikosituasjonen i Norge kontinuerleg. Etter at sjukdommen blei påvist også i Finland, vurderer VI at risikoen for smitte til fuglar i Norge må hevast frå svært låg til låg.

Område med låg risiko for smitte

I risikoområda skal fjørfe og andre fuglar som er haldne i fangenskap ikkje kunna koma i direkte kontakt med potensielt smittefarlege ville fuglar. I tillegg er det forbode med ansamlingar av dyr, som for eksempel fugleutstillingar. Fuglar frå risikoområde kan heller ikkje delta på utstillingar utanfor risikoområdet.

Område med låg risiko: Oslo, Akershus, Hedmark, Oppland, Vestfold, Østfold, Buskerud, Telemark, Aust- og Vest Agder og Rogaland. Lista kan bli utvida viss situasjonen endrar seg.

Portforbodforskrifta gjeld nå

For å beskytta norsk fjørfe aktiverer altså Mattilsynet «portforbudforskrifta» for fjørfe, inkludert hobbyfjørfe. Forskrifta har følgjande krav for områda med risiko for smitte:

  • Fjørfe oppheld seg utandørs, skal haldast slik at dei ikkje kan koma i direkte kontakt med ville fuglar; portforbod.
  • Det er forbode med ansamlingar av fjørfe, som for eksempel utstillingar, i risikoområde.
  • Det er registreringsplikt for hald av fjørfe i risikoområde.

Smittar ikkje til folk

Mattilsynet melder at det ikkje er registrert smitte til menneske. Tiltaka blir innførte for å redusera risikoen for at fjørfe og andre fuglar i fangenskap skal bli smitta. Men i tillegg minner Mattilsynet om at det i heile landet er:

  • Utvida meldeplikt til Mattilsynet ved sjukdom eller auka dødelegheit hos fjørfe.
  • Krav om at fôr og vatn til fjørfe ikkje skal koma i kontakt med villfugl.

Fylkesmannen i Rogaland har varsla kommunane i fylket om situasjonen. 

Meir informasjon finn du på nettsida til Mattilsynet.

Risikovurderinga til Folkehelseinstituttet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.