Nettverkssamlinga 2019

Rådmann Trygve Apeland, Time kommune, og Anne Berit Berge Ims, Hå om
Rådmennene i Time og Hå om handtering av mediefokus og drapssaker (Foto: Ragnvald Erga / Ragnvald Erga)

Nettverkssamlinga for beredskapskontaktar og informasjonsarbeidarar i Rogaland vart nok ein gong ei vellykka og spanande samling for kommunar og samarbeidsaktørar i og utanfor fylket. Presentasjonane fann de tidlegare som vedlegg. No er dei fjerna, grunna nye retningslinjer for publisering av presentasjonar. Ta kontakt dersom de vil ha dei tilsendt pr epost.

Samlinga fann stad 13.-14. juni på Folkets hus i Sauda, og hadde over 60 deltakarar. Det var deltakarar frå 22 kommunar, i tillegg til deltakarar ifrå Helse Stavanger, Rogaland brann og redning, forsvaret, sivilforsvaret, politiet og frivillige organisasjoner. Det var ei god og innhaldsrik samling.

Tema for seminaret hadde fokus på store beredskapssituasjonar i små kommunar, og korleis dette blei handtert. Dette blei vist med sterke historier om korleis kommunane Bokn, Time og Hå måtte handtere triste og dramatiske hendingar det siste året.

Elles var me innom samfunnstryggleiken i vertskommunen Sauda, politikontaktar, skogbrann, farevarsel frå Værvarslinga på Vestlandet mm.

I høgremargen på "kommunal beredskap" eitt hakk opp på nettstaden, finn de oversikt over kor dei ulike nettverkssamlingane har vore tidlegare. Neste stad kjem me tilbake til i 2020.

sjåast på samlinga neste år.