Kommunal beredskap

Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med samfunnstryggleik. Dei har ansvar for å identifisere farer som kan råke kommunen, og planlegge utifra dette. Kommunen skal drive krisehandtering, arealplanlegging, helseberedskap og drive brann- og redningsvesenet. Her finn du meir informasjon om kommunens plikter og ansvar, og Fylkesmannen sine tilsyn med kommunal beredskapsplikt


07.08.2019

Nettverkssamlinga 2019

Nettverkssamlinga for beredskapskontaktar og informasjonsarbeidarar i Rogaland vart nok ein gong ei vellykka og spanande samling for kommunar og samarbeidsaktørar i og utanfor fylket. Presentasjonane som skal offentleggjerast finn de til høgre.

19.10.2018

Styrking av befolkninga sin eigenberedskap

Nordmenn er ikkje førebudde på ei krise der forsyninga av straum, vatn og matvarer blir hindra. Derfor lanserer Direktoratet for samfunnstrygghet og beredskap ein informasjonskampanje om eigenberedskap 19. oktober.

30.10.2018

Jodtablettar ved atomulykker

Jodtablettar kan gi vern mot kreftsjukdom etter radioaktiv ureining ved ei atomulykke. Dette gjeld særskild for gravide, ammande, barn og unge. Statens strålevern og Helsedirektoratet rår disse gruppene til å ha jodtablettar i heimen. I spesielle tilfelle kan også alle under 40 år bli tilrådde å ta jodtablettar. Frå 1. november kan du kjøpe tablettane reseptfritt på apoteket.

01.02.2016

Samfunnssikkerhetsprisen 2015 til Eigersund kommune

Eigersund kommune blei i dag tildelt prisen under Samfunnssikkerhetskonferansen 2016 i Oslo. Konferansen blir arrangert av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. 

25.11.2015

Risavika-rapporten er klar

Hamne- og industriområdet Risavika i Sola er eit regionalt, nasjonalt og internasjonalt logistikk-knutepunkt og har ei av landets største hamner. Mange av verksemdene handterer farlege stoff og farleg gods, derfor har det vore behov for ei brei kartlegging. Nå er resultatet klart, eit arbeid som er viktig for både Risavika og andre næringsområde, meiner fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa. 

25.07.2014

Ber kommunane gå gjennom beredskapsplanverket

Grunna auka trusselnivå i landet har Fylkesmannen fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å sjå til at kommunane i fylket går gjennom beredskapsplanane sine

06.06.2014

Innleiingane frå nettverkssamlinga

Takk til alle innleiarar og deltakarar for ein nyttig og triveleg nettverkssamling i Haugesund. I høgrefeltet finn du lysbildepresentasjonane. Vi håpar å sjå dykk alle på samlinga neste år. Dato kjem om ikkje så lenge.

14.10.2013

Alvorlege hendingar i barnehage og skole

Utdanningsdirektoratet har saman med Politiet laga ein rettleiar for å førebyggje og handtere alvorlege hendingar i barnehage og utdanningsinstitusjonar.

27.05.2011

Nettverkssamling samfunnstryggleik og beredskap 2011

Den årlege nettverkssamlinga for samfunnstryggleik og beredskap blei arrangert 19. og 20. mai i Rennesøy kommune. Målgruppa for samlinga var kommunane og relevante regionale etatar i Rogaland.

15.06.2010

Beredskapssamlinga i Eigersund

Nettverkssamlinga dette året for beredskaps- og informasjonsfolk i kommunane og frå andre regionale etatar var i Egersund 8. og 9. juni. Eigersund kommune er nominert til beredskapsprisen i år, og viste seg frå si mest solfylte og innbydande side på samlinga.

Fleire nyhende


Oversikt over nettverksamlingar i samfunnstryggleik og beredskap

2019 Sauda
2018 Eigersund
2017 Suldal
2016 Karmøy
2015 Sandnes
2014 Haugesund
2013 Bryne
2012 Hjelmeland
2011 Rennesøy
2010 Eigersund
2009 Suldal
2008 Utsira