Kommunetrappa for samfunnstryggleik og beredskap 2020

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sender kvart år ut ei kommuneundersøking for å kartlegga kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Fylkesmannen har vurdert denne eigenrapporteringa opp mot eigne tilsyn og rangert kommunane i «kommunetrappa».

Kommunetrappa i Rogaland blei første gong publisert i 2019 og er ei oppsummering av det systematiske samfunnstryggleiksarbeidet i kommunane.

Fylkesmannen har fått positive tilbakemeldingar på kommunetrappa, og me ser at den aukar motivasjonen for å gjera det betre, og komma høgare opp på trappa. Det er framgang for kommunane i Rogaland frå 2019 til 2020. Det er ingen kommunar som hamnar i raud sone i 2020, men det er framleis rom for betring.

Status for Rogaland

Kommuneundersøkinga har i fleire år vist ei positiv utvikling i talet på kommunar som oppfyller krava i kommunal beredskapsplikt. Denne trenden samsvarer med funn frå tilsyna våre med kommunane, sjølv om dei fleste tilsyna framleis ender opp i avvik. Rogaland er blant fylka som kjem best ut når det gjeld kommunal etterleving av forskrift om kommunal beredskapsplikt på to av dei tre viktigaste målepunkta.

I rapporten frå kommuneundersøkinga 2020 til DSB, viser fylkesbarometeret for 2020 at kommunane i Rogaland er best i landet til oppfylla krava til heilskapleg kommunal risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analysen) – og det å ha eit ha eit heilskapleg og systematisk arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.

10 av 23 kommunar har ikkje oppdatert beredskapsplan

Utbrotet av covid-19 i 2020 har vist at kommunane må vera budde på å handtera uønskte hendingar. Med utgangspunkt i den heilskaplege ROS-analysen, skal kommunen laga ein overordna beredskapsplan. Denne skal mellom anna samordna og integrera andre beredskapsplanar i kommunen, som til dømes helseberedskapsplan og smittevernplan.

Fylkesbarometeret viser at kommunane i Rogaland er blant dei svakaste i landet på å oppfylla krava til overordna beredskapsplan. Ein individuell gjennomgang av svara frå kommunane viser at det er oppdaterte planar som er den største utfordringa. I forskrift om kommunal beredskapsplikt står det at beredskapsplanen til kommunen til ein kvar tid skal vera oppdatert, og skal reviderast årleg. 10 av 23 (43 prosent) kommunar svarer at beredskapsplanen ikkje har blitt oppdatert og revidert siste året.

Utviklinga frå 2019 til 2020

Utviklinga frå 2019 til 2020 viser oppløftande resultat for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Rogaland. Medan gjennomsnittsresultata har vore relativt stabile dei siste åra, har kommunane stor framgang det siste året.

Resultata har auka frå 31,8 poeng i 2019 til 34,78 poeng i 2020, og det er ingen kommunar i raud sone (lågt nivå) i kommunetrappa 2020.

Om det er kommunetrappa som har bidratt til utviklinga, kan vi ennå ikkje seia noko sikkert om, men fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen uttrykker at han er fornøgd med utviklinga.

– At kommunane rapporterer at dei gjer det betre enn tidlegare er gledeleg. Samtidig må denne utviklinga vurderast og sjåast i samanheng med nye tilsynsrundar dei neste åra. Først då kan me sjå om den positive utviklinga er reell. Det har ikkje vore beredskapstilsyn i kommunane i 2020 på grunn av covid-19-pandemien, noko som gjer at færre kommunar har fått trekk i poeng etter avvik. Det er framleis forbetringspotensial i dei fleste kommunane. Det å ha eit system som sikrar oppdatering av beredskapsplanar børe vera ei enkel sak å få på plass. Det er skuffande at så mange ikkje har orden på det. Dette er noko me skal ha særleg merksemd på i tida framover, og som me tar med oss vidare i den individuelle oppfølginga av kommunane, seier Johnsen.

Kommuneundersøkinga 2020 – nøkkeltal for Rogaland

  • Alle kommunane i Rogaland (23 av 23) har svart på undersøkinga i 2020, noko som gir eit godt grunnlag for å samanlikna resultatet og vurdera utviklinga vidare.
  • Totalt er det mogleg for ein kommune å oppnå 40 poeng. For å koma i mørkegrøn sone (svært høgt nivå) må ein ha mellom 39 og 40 poeng. Stavanger og Sola har oppnådd mørkegrøn sone i 2020.
  • Ingen kommunar kjem i raud eller mørkeraud sone (lågt og svært lågt nivå) i 2020. I 2019 låg tre kommunar i raud sone.
  • Gjennomsnitt-resultatet har auka frå 31,8 poeng i 2019 til 34,78 poeng i 2020. Dette er det høgaste snitt-resultatet kommunane har oppnådd dei siste fem åra – og eit høgt nivå på kommunetrappa (grøn sone).
  • Den største utfordringa er å halda planane oppdaterte. 43 prosent av kommunane svarer at beredskapsplanen ikkje har blitt oppdatert og revidert siste året. Dette er noko som det bør vera enkelt å betra.
  • Resultata frå 2020 viser at tolv kommunar får betre resultat, medan fire får dårlegare resultat enn i 2019. Sju kommunar ligg på same nivået som sist.