Førebyggjande samfunnstryggleik

Oppdatert 12.03.2024

All planlegging skal fremme samfunnstryggleik. Det går fram av mellom anna plan- og bygningslova. Som lokal planstyresmakt har kommunane ansvar for og heimel til å nekte at areal som er eller kan vere utsette for fare, blir tekne i bruk. Dette gjeld for så vel enkeltståande byggjetiltak som meir omfattande planar.

Omsynet til samfunnstryggleik må føre til konkrete val

I praksis betyr dette blant anna at bustadfelt og institusjonar ikkje må leggjast til område som er utsette for flaum, skred eller andre hendingar som kan innebere fare for liv og helse. Det bør òg vere alternative forsyningsvegar av drikkevatn og straum dersom hovudtilførslane skulle bryte saman. Ved etablering av nye samferdselsårer skal bustadområde, skular og andre institusjonar skjermast best mogleg.

Kommunal ROS-analyse er lovbestemt

Risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) blir brukte til å kartleggje sannsynet for og konsekvensane av uønskte hendingar i eit bestemt område. Dette kan for eksempel vere flaum eller straumbrot. Ein heilskapleg ROS-analyse skal liggje til grunn for arbeidet med samfunnstryggleik i kommunen.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 30.10.2023

Eigenberedskapsveka 2023: Slik blir du betre førebudd på krise

Temaet for årets utgåve av Eigenberedskapsveka er ØVA. Me oppfordrar alle innbyggjarar til å øva og ta nødvendige grep for å styrka eigenberedskapen. – Hjelper du seg sjølv, hjelper du også andre, seier statsforvaltar Bent Høie.


Publisert 23.06.2020

Kommuneundersøkinga 2020: Kommunane tar beredskap på alvor

DSB si årlege kommuneundersøking viser at heile 88 prosent av kommunane i landet har øvd overordna beredskapsplan dei siste to åra. Rogaland og Oslo og Viken har den største delen av kommunar som oppfyller flest minimumskrav til heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS).