Nesten ekstremvêr i Rogaland

Ekstremvêret Knud
Ekstremvêret Knud (Foto: Fylkesmannen i Rogaland)

Rogaland og Agder vil få sterkare vind enn tidlegare varsla, men slepp såvidt unna å bli definert som ekstremvêr.

Vinden som kjem i ettermiddag blir opp imot det som reknast som ekstremt her i fylket. Me kan få vindkast opp mot 45 m/sek. på det verste.

Det er Sørfylket som først vil møte på denne vinden. Fra klokka 14 vil det vere svært sterk sørleg vind inn mot kysten sør for Obrestad. Vinden vil etterkvart dreie til vestleg retning. Det er mogleg at det roer seg ned ei stund mens lågtrykket passerer, for så å ta seg opp att med sterk vind ifrå nordvest seinare på ettermiddag/kveld. Til kvelden vil derfor vinden vere sterk i heile fylket på stader som er utsette for nordvesten.

Vinden vil avta utover natta.

Det regner godt i Rogaland, og det er utstedt varsel på gult nivå for både flaum- og jordskredfare. Dette er ikke så uvanleg, men i kombinasjon kan vêrtilhøva auke risiko for oppstuving av vatn i elveoser, og for jordskred. Haugalandet og nordre Ryfylke er mest utsette for jordskred.

Det er fare for trefall, takstein og lausøyre som er tekne av vinden, straumbrot og innstillinger/forsinkelsar i båt/veg og flytrafikken.

kommunar, kraft- og teleselskap er i beredskap.

Nokre tips:

  • hold god avstand til sjøen
  • lade telefonar, powerbank og anna viktig utstyr
  • finn fram lommelykter, stearinlys og batteri
  • feste trampolinar, hagestolar og liknande godt dersom du ikkje allerede har gjort det

Kontaktpersonar