Høg vasstand i kveld. Fare for oversvømmingar

Meteorologisk institutt har i dag sendt ut varsel om høg vasstand i kveld. Vasstanden er venta på sitt høgaste mellom kl. 22 og midnatt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.12.2019

Varselet er på gult nivå. Onsdag kveld er det venta høg vasstand, estimert til 50–60 cm over det som er oppgitt i tidevasstabellane.

Informert kommunar og regionale etatar

Fylkesmannen har i dag sendt informasjon til kommunar og regionale etatar om situasjonen, slik at ein kan vurdera eventuelle tiltak ut frå lokale forhold. 

Den varsla vasstanden gjer erfaringsmessig ikkje særleg skade i Rogaland. Men i samråd med Vervarslinga på Vestlandet er det likevel grunn til å vera på vakt. Kveldens kombinasjon av høg vasstand, høge bølger – og vind som pressar vatnet inn mot utsette viker og fjordar, kan bety eit betydeleg skadepotensiale enkelte stader.

Kommunane må vurdera tiltak

Vervarslinga meiner at nordlege delar av Rogaland er mest utsette med tanke på bølger og vind, men det kan vera lokale forhold som speler inn også i sør.

Kommunane må sjølv vurdera om det er behov for førebyggande tiltak eller forsterka beredskap knytt til varselet.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om varselet på sehavniva.no og yr.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar