Finn fram krimboka, brettspelet og gå på påskeeggjakt – men gjer det i nærmiljøet

Denne påska drar me ikkje til fjells på dagsturar. Me bør unngå fritidsreiser.
Denne påska drar me ikkje til fjells på dagsturar. Me bør unngå fritidsreiser. (Foto: John Gunnar Skien)

Me er heldige som har mange flotte turområde i Rogaland. Fylkesmannen i Rogaland hadde under normale omstende oppfordra rogalendingane til å bruka desse flittig. Men ikkje nå, viss du må reisa langt.

Fylkesmannen i Rogaland har mottatt fleire meldingar frå kommunar som uttrykker uro for at fjell og fjord skal fyllast opp av alle oss som ikkje skal på hytta – og heller ikkje til Syden i påska. Det begynner å bli ein del av oss etter kvart. Sjølv om kommunane vanlegvis set stor pris på slike besøk, er kommunane nå bekymra for auka smittefare, og for at utfluktene våre skal gå ut over kapasiteten og beredskapen.

Fritidsreiser er ikkje forbode, men…

Sjølv om det ikkje er forbode, må me understreka at regjeringa rår ifrå fritidsreiser i påska. Det gjeld også dagsturar, campingturar, teltturar og båtturar.

Reiser betyr ofte at me kjem i kontakt med mange folk, og det aukar faren for smittespreiing, skriv Helsedirektoratet. Generelt bør me unngå alle reiser som ikkje er strengt nødvendige.

På sjøen er det vel greitt å vera?

Beredskapssituasjonen til sjøs gjer det risikabelt å tillata at mange personar overnattar i fritidsbåtar. Dersom redningspersonell kjem i kontakt med smitta, må dei i karantene. Dette gjer kapasiteten til sjøs sårbar. Det same gjeld beredskapskapasiteten til fjells, både med og utan ski.

Kva skal me finna på då?

Fylkesmannen i Rogalands sterke oppfordring til rogalendingar akkurat nå er å finna fram årets påskekrimbok, brettspelet, puslespelet og gå på påskeeggjakt – i nærmiljøet!

Ha ei god påske, og nyt denne fine videoen frå Visit Norway, mens me ventar på å få den normale kvardagen tilbake.