Radon og elektromagnetiske felt

Fylkesmannen hadde fagseminar om radon og elektromagnetiske felt tysdag 5. april. Utgangspunkt for seminaret er at det er stor merksemd rundt radon og elektromagnetiske felt som høgspentlinjer, mobiltelefonar og trådlaust nettverk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.11.2012

Målet med seminaret var å få informasjon om kva som ligg føre av fakta og dokumentasjon om helseplager og farepotensiale når det gjeld radon og elektromagnetiske felt. Med andre ord kor farleg er eigentleg dette?
I tillegg ønska me informasjon om kva regelverk som gjeld og kva tiltak ein kan gjere for å redusere eventuelle konsekvensar.

Målgruppa for seminaret var kommunane i fylket, fylkeskommunen, helsestyresmakter, regionale etatar og andre som driv med samfunnsplanlegging.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar