Nye kart på temakart-Rogaland

Karteksempel frå temakart-rogaland
Karteksempel frå temakart-rogaland

Me har no lagt ut nye temakart på www.temakart-rogaland.no. Desse er gode verktøy for fleire fagfelt, mellom anna for diverse planlegging. Dei er og relevante i arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalyser og konsekvensutgreiingar.

Nasjonalt aktsemdskart for radon
NGU og Statens strålevern har utvikla eit nasjonalt aktsemdskart for radon. Radon er ein usynleg gass som kan sive opp frå grunnen og nå så høge konsentrasjonar innandørs at han kan forårsake lungekreft over tid. Kartet er basert på inneluftsmålingar frå bygg, og frå kunnskap om geologiske tilhøve.  Aktsomhetsområdene er delt inn i fire klasser, rangert frå «særleg høg aktsemd» til «usikker aktsemd».

Karta er baserte på geologiske kart i målestokk 1:50 000, og viser berre ei nokså grov sannsynlegheit for radon. Dei kan ikkje brukast til å føreseie radonkonsentrasjon i enkelte bygg eller i små bustadområde. Dette må målast i kvart bygg. I tillegg til geologien er det bygningstekniske tilhøve som avgjer kor høg radonkonsentrasjonen er inne.

Kartet er eit grunnlag for kommunane når dei skal gjennomføre ei førstevurdering av radonfare. I område med høg eller særleg høg aktsemd bør kommunen undersøke om det er behov for å følgje opp radonproblematikk ifølgje plan- og bygningslova og folkehelselova med forskrifter.

Drikkevasskjelder
Temakart for drikkevatn i Rogaland har me sjølve samla inn med data frå kommunane og frå IVAR IKS. Her har me ikkje følgt nokon kartstandard, og det er derfor mogleg at kartet ikkje er komplett. Me tar gjerne imot korreksjonar på dette. Likevel gir kartet eit overblikk over offentlege drikkevasskjelder i Rogaland. Kartet er ikkje opent for offentlegheita, og interesserte etatar kan opprette brukar på www.temakart-rogaland.no og ta kontakt med Tonje Fjermestad Aase eller James Stott hjå Fylkesmannen for å få tilgang.

Radon i drikkevatn?
Dei som har vatn frå brønn i fast fjell bør sjekke radoninnhaldet i vatnet, særskilt om brønnen ligg i eit radonaktsemdsområde på kartet. For overflatevatn er det låge radonnivå og liten grunn til bekymring.

Kjem snart
Aktsemdskart for kvikkleire (førebels berre tilgjengeleg på http://geotest.ngu.no/kart/losmasse/)


Meir informasjon:
Radon: https://register.geonorge.no/data/documents/produktark_Radon%20aktsomhet_produktark-ngu-radonaktsomhet_.pdf

http://www.nrpa.no/fakta/90036/radon-i-vann