Samfunnstryggleik i arealplanlegging

All planlegging skal fremma samfunnstryggleik. Det går fram av mellom anna plan- og bygningslova. Som lokal planstyresmakt har kommunane ansvar for og heimel til å nekte at areal som er eller kan vere utsette for fare, blir teken i bruk. Dette gjeld for så vel enkeltståande byggjetiltak som meir omfattande planar.

Omsynet til samfunnstryggleik må føre til konkrete val

I praksis betyr dette blant anna at bustadfelt og institusjonar ikkje må leggjast til område som er utsette for flaum, skred eller andre hendingar som kan innebere fare for liv og helse og store materielle skadar. Det bør òg vere alternative forsyningsvegar av drikkevatn og straum dersom hovudtilførslane skulle bryte saman. Ved etablering av nye samferdselsårer skal bustadområde, skular og andre institusjonar skjermast best mogleg.

Kommunal ROS-analyse er lovbestemt

Heilskapleg kommunal ROS-analysen er ein metode til å kartleggje sannsynet og konsekvensane av uønskte hendingar for eksisterande tilhøve i kommunen. Dette kan til dømes vere naturbasert risiko, verksemdsbasert risiko, store ulykker eller tilsikta hendingar. Denne analysen skal ligge til grunn for å vurdere forhold som bør vere med i planar og prosessar etter plan- og bygningslova. Det er vidare krav til ROS-analyse i samband med alle planar etter plan- og bygningslova (framtidige byggverk eller aktivitet).

Motsegn til planar etter plan- og bygningslova

Dersom det ikkje føreligg ein ROS-analyse til planar etter plan- og bygningslova, om analysen ikkje er god nok eller det ikkje blir tatt omsyn til den risikoen kjem fram, kan Fylkesmannen fremme motsegn til planen. 

Eit motsegn betyr at planen ikkje kan godkjennast av kommunen, men blir sendt til Kommunal og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd hvis den ikkje vert trukke. 

Vis meir


19.03.2019

Ta omsyn til risiko for storulykker i arealplanar

Kommunane har ansvar for at samfunnstryggleik blir tilgodesett i planlegginga, etter plan og bygningslova. Eit av dei viktigaste er omsynet til verksemder som ved ulykker kan sleppe ut mengder av farlege stoff/gass, eller utløyse ein stor eksplosjon. Dette er såkalla storulykkeverksemder. Korleis kan kommunane ta i vare denne risikoen?

17.07.2018

Ny sjekkliste til ROS-analyser til planer

ROS-analyser skal sikre at det er trygt for liv, helse og materielle verdiar og miljø i nye byggeområde. Ei ny oppdatert sjekkliste og lenkesamling er laga for å identifisere uønska hendingar til risiko- og sårbar-analyser til arealplan.

16.11.2017

Nytt informasjonshefte om busetnad nær høgspenningsanlegg

Statens strålevern har publisert eit  informasjonshefte med oppdatert informasjon om magnetiske felt frå høgspenningsanlegg. Informasjonsheftet omtaler blant anna moglege helseverknader, gjeldande regelverk og forvaltningspraksis.

02.11.2017

NVE prioriterer overordna plan og rettleiing

NVE informerer i eit skriv om at dei ikkje vil vurdere reguleringsplanar på høyring utan at kommunen ber direkte om det. Dei prioriterer ressursane på å vurdere kommuneplanar, kommunedelplanar og områdeplanar, i tillegg til å fokusere på rettleiing og opplæring i kommunar med store utfordringar.  

03.10.2017

Vellykka fagsamling om kvikkleire og plan

Gjennomføringa av seminar om kvikkleire i kart og plan vart ein suksess. Tre utsendte frå NVE Region Sør kom for å lære oss opp i korleis avdekke og forhalda oss til mogleg fare for kvikkleire, med fokus på kommunal planlegging.

15.06.2017

Samfunnstryggleik i kommunal arealplanlegging

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har utarbeidd to nye rettleiarar om korleis handtere samfunnstryggleik i arealplanlegginga

01.02.2017

Rogalandsklimaet resten av hundreåret - varmare og våtare

Rogaland vil få større utfordringar med regnflaumar, meir overvatn, fleire skred og høgare havnivå. Norsk klimaservicesenter publiserte i dag ein klimaprofil for fylket, som skal gjere det enklare for planleggjarar å ta omsyn til klimaendringane. Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga. 

29.06.2015

Nye kart på temakart-Rogaland

Me har no lagt ut nye temakart på www.temakart-rogaland.no. Desse er gode verktøy for fleire fagfelt, mellom anna for diverse planlegging. Dei er og relevante i arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalyser og konsekvensutgreiingar.

10.02.2015

Klimahjelperen - ny rettleiar

DSB har publisert rettleiaren "Klimahjelperen - hvordan ivareta klimpatilpasning i planlegging etter plan- og bygningsloven". Den vil vere til nytte for dei som abeider med arealplansaker og beredskap.

25.09.2014

Kart over potensielle jord- og flaumskredområde

NVE har i år gitt ut aktsemdskart for jord- og flaumskred, som den tredje typen aktsemdskart for skred. Desse karta må inn i arealplanlegginga på lik linje med dei andre. Me håpar kommunane og andre etatar gjer seg kjent med desse karta. Jord- og flaumskred er knytt til nedbør, og er nyttige for grove skredfarevurderingar relatert til klimaendringane.

Fleire nyhende