Milan (15) styrer Oppvekstkonferansen 2015

Når over 200 tilsette og folkevalde i kommunane møtest til Oppvekstkonferansen 2015 i morgon, er det ungdomsordførar i Sandnes, Milan Aran, som skal losa dei gjennom dagen og konferansen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.06.2015

Fylkesmannen har det siste året satsa særleg på barn og unge, blant anna gjennom satsinga Sjumilssteget – for god oppvekst i Rogaland, eit bidrag til å implementera Barnekonvensjonen i kommunane. Oppvekstkonferansen 2015 er den andre i sitt slag i regi av Sjumilssteget, og denne gongen var me så heldige å få 15-åringen Milan Aran som konferansier for heile konferansen. Aran er elev ved Giske ungdomsskole i Sandnes, men også ordførar i Sandnes unge bystyre.

Gode oppvekstvilkår

Konferansen har fleire spennande foredragshaldarar med ulike innfallsvinklar på temaa:

  • barn som lir under omsorgssvikt eller står i fare for å gjera det
  • styrkja oppvekstvilkåra for alle barn
  • barn sin tilgang til gode arenaer for medverknad og deltaking

Målgruppa til konferansen er alle tilsette og folkevalde i kommunane som har oppgåver retta mot barn og unge, også administrativ og politisk leiing – og dei som jobbar med plan og utvikling.

Det tverrfaglige perspektivet er spesielt viktig. Målet med konferansen er å visa kva ein god oppvekst betyr for barn, både når det gjeld kvaliteten på tenestene i kommunen, tverrfagleg samarbeid og tidleg innsats.

Du finn programmet for konferansen i høgremargen. Der ligg også presentasjon av foredragshaldarane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.