Enklare å byggje om og leige ut eigen bustad frå nyttår

Det blir enklare å byggje om og leige ut eigen bustad frå 1. januar 2016.
Konkret blir det nå gitt unntak frå fleire tekniske krav når bustadeigar til
dømes ønskjer å bruksendre kjellar til stue eller ei bod til eit soverom.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.12.2015

Dei  nye reglane inneber at bustadeigarane ved bruksendring av eigen bustad ikke trenger  å oppfylle alle tekniske krav som gjeld ved nybygg til dømes energikrav, krav til takhøgde  og utsyn. Krava til branntryggleik, konstruksjonstryggleik og isolasjon ligg fast. Dei nye  tekniske krava gjeld kun bruksendring av bygg det er søkt om før 1. juli 2011. Rom som skal bruksendrast må liggje inntil andre opphaldsrom. Dei tekniske krava blir ikkje endra for bruksendringar som inneber at det etablerast ei ny bustadeining. Her gjelder krava for nybygg. Dei nye reglane definerar  når det oppstår ei ny bustadeining.

– I dag er det vanskelig og ofte svært kostnadskrevende å oppfylle alle krav når man vil bygge om eller leie ut  deler av egen bolig. Nå blir det enklere for familier som vil gjøre om en kjeller til kjellerstue, et loft til arbeidsrom eller utleie, sier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Les meir om dei nye reglane på nettsida til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.