Ny rettleiar: Planlegg for høgare havnivå og stormflo

Rettleiaren Havnivåstigning og stormflo - samfunnssikkerhet i kommunal planlegging legg fram nye tal på forventa havnivåauke. Utrekningane er baserte på funn frå FNs klimapanel - og tala er tilpassa norske forhold. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.10.2016

Me oppfordrar kommunane til å ta med dei forventa havnivåtala i ROS-analysar og i arealplanar.

Kva er nytt?

Tala i rettleiaren frå Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) er baserte på den best tilgjengelege forskinga som ligg føre om forventa endringar i havnivå. Dei er henta frå rapporten Sea level change for Norway - past and present observations and projections to 2100 frå Norsk klimaservicesenter (KSS). Tala er rett nok ikkje veldig ulike tala frå den gamle rettleiaren Håndtering av havnivåstigning i kommunal planlegging frå 2011, men dei er baserte på nyare forsking. Ei stor forbetring er at gjentaksintervall for stormflo er tilpassa krava i byggteknisk forskrift, TEK 10.

I tråd med føre-var-prinsippet og stortingsmeldinga om klimatilpassing, legg Miljødirektoratet, KSS og Kartverket opp til å bruka klimaframskrivingar for «den høgaste utsleppsbanens middelverdi» frå rapporten Sea level change for Norway – past and present observations and projections to 2100Det vil seia at tala som blir tilrådd brukt legg til grunn den mest sannsynlege prognosen basert på at klimautslepp og klimaendringar held frem som i dag.

Skal inn i sjønære arealplanar

Fare for stormflo og forventa havnivåauke skal inn i risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) for arealplanar nær sjø. Deretter må risiko og sårbarheit følgjast opp med tiltak i planen. I rettleiaren står det korleis ein tar omsyn til havnivåauke på dei ulike plannivåa. Der er også forslag til tiltak.

Gjentaksintervall for stormflo i kommunane finn du som vedlegg til rettleiaren. Tala i tabellen må justerast etter kva kartgrunnlag som blir brukt i kommunen. Dette står utførleg forklart.

Rettleiaren seier at tidsperioden 2081 - 2100 må leggjast til grunn som scenario for klimatilpassa planlegging av dei fleste bygg og infrastruktur. Dette er basert på forventa levetid. Når det gjeld eksisterande byggeområde må kommunane vurdera risiko ved eit auka havnivå i heilskapleg ROS.

Det er framleis knytt noko uvisse til utrekningane for havnivåauke og framtidig stormflonivå. Havnivået kan auka meir enn det ein legg til grunn i rettleiaren.

Eksempel på bruk av tala

Teknisk forskrift krev at alle bygg skal plasserast i tryggleiksklasse. Bustadhus og hytter er i tryggleiksklasse 2 og skal derfor ikkje byggjast der dei kan bli skadde av stormflo med 200-års returnivå.

Nedanfor ser du eit eit eksempel på korleis utrekning av stormflo og havnivåstigning i kommuneplanens arealdel for Grinde i Tysvær kommune kan sjå ut:

  • 108 cm over middelvasstand er 200-års returnivå for stormflo
  • +79 cm havnivåstigning
  • -9 som er forskjellen mellom landkartet nn2000 og sjøkart
  • = 178 cm (avrunda til 180 cm)

For å ta høgde for uvissa rundt havnivåauken, har kommunen innført eit generelt byggjeforbod for bustadhus og hytter under kote 2.50. I kommuneplanen bør kommunane også leggja inn ei føresegn om at ein på reguleringsplannivå må greia ut om grensa for byggjeforbodet må hevast på grunn av fare for bølgjeoppslag. Eventuelt kan ein knytta desse til omsynssoner i plankartet.

Det er viktig å merka seg at bølger og oppstuving av vatn der elv renn ut i sjø bidrar til auka risiko. Dette er ikkje rekna med i tala i rettleiaren. Bølger kan bidra med opptil - og kanskje over - fem meter i tillegg på utsette strekk. Dette er basert på tal frå Bergen/Norconsult. 

Kommunane må derfor sjå til at bølger og oppstuving blir tatt med i vurderingane av risiko.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.