Dagsaktuell rapport om lokalisering av datalagringsentre

Foto: Anfinn Rosnes.

I følgje ein ny rapport frå Asplan Viak er det fleire aktuelle lokalitetar for datalagringsentre og andre kraftkrevjande verksemder i Rogaland. Tilgang på utsleppsfri kraft gir Noreg og Rogaland ein fordel i konkurransen om etableringar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.12.2020

Rapporten frå Asplan Viak er laga på oppdrag frå Rogaland fylkeskommune, og den legg fram nyttig informasjon om mellom anna kraftmarknad og sysselsettingseffekt. Denne rapporten er første steg i Rogaland fylkeskommune sitt arbeid med ny Strategi for areal- og kraftkrevende virksomheter.

Fleire aktuelle område i Rogaland

Det er gjennomført søk i kommuneplanar i alle dei 23 kommunane, og det er omtalt fleire aktuelle lokalitetar for slike anlegg. Fylkesmannen har etterlyst ei regional vurdering av slike etableringar, mellom anna då vi gav vår uttale til planprogram for Time kommuneplan fase 2, med planlagt etablering av datalagringssenter på Kalberg. Målet må vere at vi skaffar eit kunnskapsgrunnlag som gjer det mogleg å etablere slike anlegg utan å at det blir for store utfordringar knytt til eksempelvis jordvern og naturinteresser.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.